Husmenn på Blåstokken
Husmenn på Blåstokken tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Blåstokken i Fedje kommune.
1. Håkon Knutsen f. 1608 (etter alder i 1666) g.m. Agata er oppført som husmann på Blåstokken i koppskatten 1645 og manntalet 1666. Han er nemnd i skattelistene saman med brukaren Ola (6) i 1644 og 1645. Rasmus Moldøyna fekk 17 rdl i bot for utskjelling og slagsmål med Håkon i 1640.
2. Johannes Knutsen 38 år gl er nemnd som husmann på Blåstokken i manntalet 1701. Han var fadder fram til 1715.
Barn: a. Siri Johannesd f. 1699. Ho er den første døypte frå Fedje som er ført i kyrkjeboka. Ukjend lagnad.
3. Jakob svarte skoskatt i 1711 for seg og kona med 12 skilling som husmann her.
Born: a. Anders Jakobsen f. 1707. b. Nils Jakobsen f. 1711. c. Ragnhild Jakobsd f. 1712.
I matrikkelen 1723 er det sagt at det ikkje er husmannsplass på Blåstokken. Jakob har truleg flytta vekk saman med familien.
| Husmenn på Blåstokken er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Blåstokken (Fedje) • Neste bolk: Brotet |