Idebygg Maxbo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Idebygg Maxbo er ein byggvarelevandør i Sykkylven, skipa av Helge Løbak og Olav Ulstein i 1970. Firmaet er ei vidareføring av P.J. Andestad sin trelasthandel. Peter J. Andestad hadde verkstad og forretning i Aure sentrum frå 1928 og fram til Aure-brannen i 1939. I 1946 kom han i gang att med sagbruk og sal av trelast/byggevarer i Ullavika, og i 1955 kjøpte han Lunheimtomta og bygde der. Dessutan sette han opp nytt sagbruk. Desse tiltaka dreiv han til 1970, då Idebygg A/S vart skipa. Det nye firmaet la mest vekt på sal av trelast og byggevarer, og i 1974 vart drifta av saga og høvleriet heilt nedlagd. Samstundes vart eitt nytt lagerhus oppsett på Lunheim-tomta. Dette skapte betre, men ikkje tilfredsstillande tilhøve for drifta. Difor vart det lagt nye, omfattande planar for eit betre lageropplegg, dessutan flytting av kontoret og butikken. I januar 1982 vart alle desse funksjonane samla under eitt tak.

Idebygg A/S lanserte i 1982 omgrepet Byggmarked i Sykkylven. Dette tyder at firmaet ikkje berre var ein tradisjonell trelasthandel, heller ikkje ein såkalla bygg-shop. Byggmarkedet var meint å vere ein stad der idear kunne utformast ved planlegging, bygging og vedlikehald. Gjennom permanente interiør- og eksteriørutstillingar, brosjyrehyller og rettleiing vart byggherrane orienterte om korleis dei sjølve kunne gjere ymse slag arbeid.

Disponent og dagleg leiar ved Idebygg Maxbo var i ei årrekkje Helge Løbak. Seinare var det sonen Petter Løbak som førte familiebedrifta vidare. Idebygg er i dag ein del av den landsomfattande Maxbo-kjeda.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.