Innsjø

Fra lokalhistoriewiki.no DEV
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Tyrifjorden i Buskerud, den femte største innsjøen i Noreg.
Foto: Tbjornstad

Ein innsjø er eit vatn – naturleg eller menneskeskapte – som ikkje har direkte forbinding til havet. Ein liten innsjø kallast ofte eit tjern.

I Norden har innsjøane ferskvatn, men andre stader i verda kan dei ha saltvatn på grunn av avleiringar på botnen. Ein deler dei nordiske innsjøane inn i tre kategoriar:

  • Oligotrofe sjøar: Næringsfattige, med liten produksjon av planter.
  • Eutrofe sjøar: Næringsrike, med rik produksjon av planter. I Noreg er dei sjeldan naturleg eutrofe; næringa kjem gjerne frå avrenning frå landbruket eller avløpsvatn.
  • Dystrofe sjøar: Låg primærproduksjon og vatn som er farga brunt av humus. Mange skogtjern er dystrofe innsjøar, særleg i barskog.

Noregs største innsjøar

Innsjø Fylke Areal (km²) Bilete
Mjøsa Hedmark og Oppland 369 108 Lillehammer Dampskipsbryggen - no-nb digifoto 20151201 00107 bldsa PK35756.jpg
Røssvatnet Nordland 219 Røsvatn - no-nb digifoto 20151009 00025 NB MIT FNR 05090.jpg
Femunden Hedmark og Trøndelag 203 95 D 29 Femunden - no-nb digifoto 20150729 00361 bldsa PK28084.jpg
Randsfjorden Oppland 140 9813 Parti af Randsfjorden Fra Granum - no-nb digifoto 20160304 00075 bldsa L KK0154.jpg
Tyrifjorden Buskerud 137 127. Ringerike, Tyrifjorden med Randsfjordbanen - NB bldsa AL0127.jpg
Snåsavatnet Trøndelag 122 Utsikt over Snåsavatnet.jpg
Tunnsjøen Trøndelag 100 Datnejaevrie (Tunnsjoen) med tre.jpg
Limingen Trøndelag 93
Blåsjø Rogaland og Aust-Agder 81
Altevatnet Troms 80
Møsvatn Telemark 78 No-nb digifoto 20140918 00014 NB WF VK 020240.jpg
Nisser Telemark 76 Vrådal, Nisservann - no-nb digifoto 20151116 00171 NB MIT FNR 12930.jpg
Øyeren Akershus og Østfold 73 Øyeren sett fra fly 2013.jpg
Iejárvi Finnmark 68
Nesjøen Trøndelag 65
Selbusjøen Trøndelag 58 No-nb digifoto 20141204 00052 NB WF SBK 111286.jpg
Norsjø Telemark 55 Mikaelshulen.jpg
Tinnsjø Telemark 52 Tinnsjø - no-nb digifoto 20160209 00380 NB NS NM 00182.jpg
Hornindalsvatnet Sogn og Fjordane 51 No-nb digifoto 20150408 00002 NB WF EK 079436.jpg
Fyresvatn Telemark 49 Frå Våmur 003.jpg
Storsjøen Hedmark 48 Lomnessjøen og Storsjøen, Ytre Rendal - no-nb digifoto 20160222 00110 NB MIT FNR 00978.jpg
Storsjøen Hedmark 47 1519 Fra Østmoen - no-nb digifoto 20150804 00094 bldsa PK28706.jpg
Bygdin Oppland 46 Bygdin - no-nb digifoto 20150213 00157 NB MIT FNR 07563.jpg
Aursunden Trøndelag 44
Salsvatnet Trøndelag 45
Krøderen Buskerud 43 DS Spirillen på Krøderen 1909.png
Osensjøen Hedmark 42

Litteratur og kjelder