Ivar Haugen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ivar Haugen (fødd 1924 i Sel i Gudbrandsdalen) har budd i Trøndelag sia 1949. Lengst har han budd i Stjørdal, der han var lærar ved Stjørdal tekniske fagskole i 22 år. Haugen er utdanna ingeniør, men har praktisk erfaring frå jordbruk, skogbruk, fabrikk, verkstad, bygg og anlegg med meir.
Haugen skriv òg dikt. Alle bøkene hans er på nynorsk utanom eitt avsnitt i Før lauvet fell av og ei barnebok som er skrivi på bokmål. Ivar Haugen fortel sjølv at «dei fleste dikta i dei tre første diktsamlingene mine er for det meste stutte prosadikt og handlar om sosiale og politiske tilhøve i den tida eg har levd, og dessutan om sjølve livet slik det til vanleg artar seg for oss alle etter kvart som åra går».
Bibliografi
- "August-dikt". Noreg, 1974. (Dikt)
- "Jeg traff en liten gutt". Snøfugl, 1978
- "Lauv under grantre". Snøfugl, 1979. (Dikt)
- "Mørketid". Arbeidern forlag, 1983. (Dikt)
- "Som åra går". Sollia, 1993
- "Årringar:eit festskrift til skogane". Sollia, 1994
- "Før lauvet fell av". Stjørdalen blad, 2002
- "Bureisarar". Dølaringen, 2002
- "Heimslege dikt og andre tekstar". Dølaringen, 2005. (Dikt)
- "Hausttakkedikt". Dølaringen, 2007
Ivar Haugen er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |