Jacob Andreas Andersen Kirkhorn

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Jacob Andreas Kirkhorn»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jacob Andreas Andersen Kirkhorn (født 17. februar 1841 i Hornindal, død 11. mars 1908 i Molde) var fotograf i Hornindal, Molde, Hammerfest og Ålesund.

Han var son av Anders A. Muldsvor og Kari Berstad, og blei gift med Karen Anna Knutsen (1848-1940). I folketeljinga 1875 finn vi dei med ei dotter og tre søner i Molde. Først handelsutdanna i Bergen, der han også fikk fotografutdanning. Blei så fotograf, dessutan kemner i Molde til 1904 og bankkasserar same stad gjennom 30 år til sin død i 1908. Byrja sin fotografgjerning i Hornindal omkring 1860, reiste mykje rundt i landet. Mellom anna fotograferte han i Hammerfest i 1872. Dreiv først med portrettfotografering, men gjekk snart over til landskapsfotografi, då desse var ein god turistartikkel.

14. oktober 1869 oppretta han atelier i Molde med firmanavnet Fotograf Kirkhorn. Dette blei 1. januar 1899 overteke av hans eldste son Klaus Anton Kirkhorn og 1. januar 1911 av den yngre sonen Karl Kirkhorn, som dreiv det til 1. januar 1954 da dottera Bjørg Kirkhorn Vada overtok. Ho dreiv det inntil det 12. april 1961 blei overteke av John Th. Karlsen, som sammen med Gisle Johnsen (kompanjong frå 1963) dreiv vidare det med firmanavnet Fotograf Kirkhorns Eftf.. Mesteparten av arkivet gikk tapt i 1940, men ca. 700-1000 plater blei redda ved at dei var oppbevart i privatboligen.

Kjelder

Eksterne lenkjer


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Jacob Andreas Andersen Kirkhorn er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.