Jens Årsand Reisæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens Årsand Reisæter (fødd 13. desember 1914 i Utne i Ullensvang, død 15. januar 2017) var kontorsjef i Ulvik kommune.

Reisæter vaks opp i Ulvik, som yngstemann i ein syskenflokk på fire. Då han var 17 år gammal, reiste han til Montana i USA for å arbeide på farmen som ein morbor hadde ått. I 1937 vart han amerikansk statsborgar, men Jens Reisæter reiste heim til Noreg berre to år seinare. Han byrja på Elverum folkehøgskoleElverum, men då april 1940 kom, hamna Jens Reisæter midt oppe i dei dramatiske hendingane. Dei 120 elevane på skulen flytta ut, av di storting og regjering var på flukt og måtte ha overnattingsstad. Natt til 10. april overnatta Reisæter hjå ein kamerat.

Etterpå tok Jens Reisæter Otto Treiders handelsskole. Frå 1946 var han tilsett i Ulvik kommune, fyrst som heradskasserar og formannskapssekretær. I den vesle kommuneadministrasjonen sto Reisæter sjølv for utbetalingane (kontant) av barnetrygd og barnetrygd, og han kjende mest alle i bygda. I 1966 vart han kommunekontorsjef, ei stilling han hadde til han vart pensjonist i 1981.

Han var gift med Aslaug, og dei fekk ein son og ei dotter. Kona døydde i 1997. Som 100-åring bur Jens Reisæter framleis heime i eige hus. Til avisa Hordaland uttala han: «Eg er dårleg til beins, men steller meg sjølv med både frukost og kvelds. Varer får eg tilkøyrt frå butikken ein gong i veka». Hundreårsdagen feira han saman med etterkommarane, med dei fire oldeborna som dei yngste.

Han døydde 15. januar 2017, 102 år gammal.

Kjelder og litteratur


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.