Johan-Henrik Eltun Kvam

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan-Henrik Eltun Kvam

Johan-Henrik Eltun Kvam (fødd 10. april 1850, død 6. november 1948) var spelemann og gardbrukar på nordre Kvam i Vang i Valdres. Kvam tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga.

Johan-Henrik lærde fyrst og fremst felespel av far sin. Men han lærde og av mange bygdespelemenn, såleis av Ola Strand på Søyne, Krosshaug-sønene Lars og Andris og av Rengjistadane o.a.

Då han var ein gamal mann, tala han om at han hadde spelt i 52 bryllaup, kvart vara 3-4 dagar. Ein gong var han på Farnes i Årdal og spelte i bryllaupet til fekaren Ola Hjelle. Fyrste bryllaupet han spelte i, var bryllaupet til Trond Brekke, "Bause-mannen", dei kalla. Då var han 15 år. I spelemannspengar fekk han då kr. 50. Det var elles Ola Strand på Søyne og faren, Trond Eltun på Øye, som då var dei rette spelemenn. Johan-Henrik var berre hjelpespelemann der. Det fyrste bryllaupet han var åleine om å spela i, var i bryllaupet hans Andris Eltun i Øye. Til vanleg kunne ein på samsen få opptil kr. 40 i spelemannspengar i eit bryllaup som vara i 4 dagar. Det var mange pengar i gamal tid.

Johan Henrik Kvam tala om dette: I den eldste tidi brukte spelemennene små stutte bogar som dei laga sjølve, og med dei var det så lett å få til ristetaki. Men med dei lange boger som no er i bruk, er det verre å få til slike ristetak. Difor var småe bogar best til lyalæte.

Årdals-spelemenn var ofte hjå far, Trond Eltun, og skulle lære låte på fela.

Det var ikkje mykje Søynin og andre av dei gamle spelemenn tente på felelæte, for det var ikkje pengsamt då dei dreiv og spelte.

Johan-Henrik Eltun spelte mykje både i helg og høgtid til å lyde på. Han spelte svært godt Tomasklokke-låtten og Huldrebakklåtten.17 Særleg kunne han ei mengd lydarlåttar og bondelåttar. Arne Bjørndal har skrive opp ei mengd låttar etter han.

Arbeid og familie

Attåt spelemannsyrket var Johan Henrik Eltun bonde, fyrst forpaktar og så sjølveigande bonde i nordre Kvam. Så arbeidde han på fjellvegen, mest som formann, frå 1897-1935. Mange år var han postførar. Skogvaktar var han for Statens skog og for Prestli'n. For det siste fekk han sylvpokal og sidan Kong Haakon den VIIs påskjøningsmedalje i sylv for gjævt samfunnsarbeid. Så hadde han ei mengd kommunale yrke. I det heile var Johan Henrik Eltun på Kvam ein vyrd mann og ein av dei beste spelemenn som Vang har fostra.

Han var gift med Ingebjørg Anfinnsdotter, fødd 1848 Vang. I 1900 budde sonen Anfinn heime på Kvam.

Kjelder

Eksterne lenkjer