Johan Hveem (1879–1973)
Johan Hveem (fødd 21. september 1879 i Østre Toten, død 11. januar 1973 i Sør-Aurdal) var prest. Han verka lengst i Valdres, som sokneprest i Sør-Aurdal frå 1923 og som prost i Valdres prosti frå 1930 til 1945.
Han var son av Jens Madsen Hveem og Berthe Helene Pedersdatter f. Oustad. Familien budde på Bakkelund før begge foreldra døydde i mai 1893, då Johan Hveem var 13 år gammal. Som 17-åring vart han kontorist hos ein sorenskriver, med bustad hos totningen Anton Halvorsrud i Fredrikstad, og i 1903 tok han artium. Teologistudia fullførte Hveem i 1910.
Som nyutdanna jobba han i Kristiansund, som lærar ved byens høgre allmennskule og som sekretær i ynglingeforeininga. I 1912 fekk han sitt første prestekall, då han vart residerande kapellan på Hitra. I folketellinga 1920 vart han registrert på prestegarden Hov i Sunndal. Hveem var då sokneprest.
Fra 1923 budde og verka han i Sør-Aurdal, prestegjeldet lengst sør i Valdres. Han tok avskil som prost av helseomsyn i 1945, men vart buande i Bagn. Hveem sette spor etter seg i Sør-Aurdal, ikkje minst i trengselsåra på 1930-talet, då han hjelpte folk med mat og klede og opna prestegarden for snikkaropplæring for gutar. I 1937 sto han i spissen for restaureringa av Bagn kyrkje, og han var pådrivar for nytt bedehus i bygda. I 1991 vart det avduka ei minneplate over Johan Hveem ved Bagn kyrkje.
Hveem var gift to gonger. Den fyrste kona, Marie Dorthea f. Müller, døydde i 1912, like etter at dei gifte seg. Han gifte seg opp att med Marie Elisabet Hveem, og i 1920 hadde ekteparet to born: sonen Jens Kristian (f. 1917) og dottera Anne Marie (f. Hveem). Seinare kom det i hvert fall tre til, Dora, Helene og Berit.
Bibliografi
- Bagn kirkes historie : Ulekirken, kirkegården, kirkevangen. 1967. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
- Johan Jensen Hveem i Ministerialbok for Østre Toten prestegjeld, Hoff sokn 1878-1896 (konfirmerte) fra Digitalarkivet
- Johan Jenssen Hveem i folketelling 1891 for Østre Toten herred fra Digitalarkivet
- Johan Hveem i folketelling 1900 for Fredrikstad kjøpstad fra Digitalarkivet
- Joh. Hveem i folketelling 1910 for Kristiansund kjøpstad fra Digitalarkivet
- Johan Jensen Hveem i folketelling 1920 for Sunndal herred fra Digitalarkivet
- Johan Hveem i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
- Johan Hveem i Historisk befolkningsregister.
- Norges gejstlighet i 1914. Utg. Hanche. Christiania. 1915. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 100.
- Valdres, 25. juni 1991: «Minneplata over Hveem på plass ved Bang kyrkje». Digital versjon på Nettbiblioteket.