Johannes Sejersted

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Johannes Klingenberg Sejersted»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Sejersted. Kunstnar ukjend.

Johannes Klingenberg Sejersted (fødd i Flå i Melhus den 7. april 1761, død i Trondheim den 17. september 1823) var offiser og oppnådde generalløytnants grad. I nær 30 år av sin militære karriere var han i teneste i Danmark. Sejersted fekk ei sentral militær rolle i storhendingane i 1814. Han var fyrste sjefen for den norske generalstaben frå 22. mai 1814 og stabssjef hjå Christian Frederik under krigen i 1814. Sejersted var også med ved viktige politiske hendingar i opptakten til lausrivinga frå Danmark.

Familie

Johannes Sejersted var son av oberstløytnant Jens Fredrik Svane Sejersted (ca. 1722-1793) og hustru Dorothea Catharina fødd Klingenberg (1734-1820). Ho var dotter til overauditør Johannes Klingenberg på garden Elgeseter i Trondheim. Mellomnamnet Klingenberg går igjen i mange omtaler av general Sejersted, og det er brukt i familiens slektshistorie frå 1905. Det er uvisst kor vidt Sejersted sjølv nytta mellomnamnet. Sjølvbiografien hans frå 1811 er underteikna J.Sejersted.

Johannes var nummer fem i ein syskenflokk på i alt 11. Berre fire av dei nådde vaksen alder. Oversynet nedanfor tek utgangspunkt i slektshistoria med merknader der opplysningane ikkje stemmer overeins med Stjørdalsboka. Vi har ikkje her undersøkt nøyare kva som måtte vere korrekt.

1-2) Tvillingane Johannes og Knut fødde og døde 17. januar 1758.
3) Sara Sophie (1759-1761 iflg. slektshistoria, iflg. Stjørdalsboka fødd og død 1759.)
4) Knut (1760-1773)(ikkje nemnd i Stjørdalsboka)
5) Johannes
6) Martha Sophie fødd 24. april 1762, døypt i Melhus kyrkje, død i Molde 12. februar 1851. Gift 1789 med offiseren Lorentz Marcus Hanning. (Ifølgje Stjørdalsboka budde dei på Devle i Skatval, ho vart kalla «Frua på Dævla».
7) Sara Sophie, fødd 30. november 1763, død på Hårstad i Selbu 26. august 1846. Gift 1807 med Andreas Zeier, proprietær og (feilaktig) «jernverksbestyrer», i Stjørdalsboka «overstigar ved Selbo koparverk, proprietær».
8) Anna Dorothea, fødd 11. mars 1765, død 21. mars same år.
9) Hans Andreas, fødd 3. januar 1767 (Stjørdalsboka: på Saksvik i Strinda), død 2. desember 1773 (Stjørdalsboka: 3. desember 1773 på Geving).
10) Anna Dorothea, fødd 18. mars 1768, død 30. desember 1773.
11) Fredrik Christian, fødd 21. desember 1769 «paa Gjeving i Stjørdalen, døbt i Malvigs kirke Hellig-Tre-kongersdag 1770, død paa Mæhle i Stjørdalen 20. juli 1841.» Gift i Værnes kyrkje 7. mai 1795 (i Stjørdalsboka: i Skatval kyrkje 7. juli 1795) med Margrethe Jacobea Lund (1768-1847, i Stjørdalsboka død 1857), dotter av sokneprest i Kragerø Jacob Lund og Margrethe Sommer.

Johannes Sejersted var ugift heile livet.

Eit offisersdynasti

General Sejersted er den mest kjende representanten for det som kan kallast offisersdynastiet Sejersted. Det starta med bondeguten Hans Knutsen Sejersted (ca. 1666-1750) som vart premierløytnant. Han var frå garden Serstad (Seierstad) i VestbygdaØstre Toten, son av Knut Eynersen Seierstad. General Sejersted var oldebarn (sonesons son) av Hans Knutsen.

Kvar var Johannes Sejersted frå?

Det er noko uvisse kring spørsmålet om kvar Johan Sejersted var fødd og oppvaksen. I slektshistoria står det at han var fødd i Stjørdalen, og dette blir så gjentatt i mange omtaler. I Stjørdalsboka (1950) er fødestaden nærare bestemt til garden Søre Gjeving i Lånke i Stjørdalen (gnr. 167). Der skal familien ha budd til 1775, men det framgår ikkje når dei hadde flytta dit. I sin artikkel om Sejersted i Norsk biografisk leksikon 1958, framheld Odd Lindbäck-Larsen at fødestaden er feil, og at det rette er Flå sokn i Melhus prestegjeld. Han har støtte i kyrkjeboka for dette, der vi finn følgjande innførsel:

«15de April: Hr. Cap. Sejersteds Søn nomine Johannes” og litt seinare: ”introd. Capit. Sejersteds Frue» (altså introdusert i kyrkjelyden etter barnefødsel).[1]

Det neste barnet etter Johannes, Martha Sophie, skal ha vore døypt i Melhus kyrkje i 1762. Hans Andreas skal vere fødd på Saksvik i Strinda i januar 1767. I desember 1769 var Fredrik Christian fødd på Gjeving.

Særleg yngre offiserar flytta mykje rundt etter skiftande tenestestader. I 1774 fekk Jens Fr. Svane Sejersted skøyte på garden Mæle i Stjørdal hovudsokn (gnr. 111), og flytta snart inn der. På det tidspunktet hadde Johannes starta på si militære løpebane, så han har neppe budd på Mæle anna enn under besøk hjå familien. Han hadde odelsrett på garden, men overlet denne til den yngre broren Fredrik Christian von Sejersted, som også var offiser. Familien, inklusive mor deira i enkjestand, budde på Mæle sidan, slik det framgår mellom anna av folketeljinga 1801.[2]

Militær karriere fram til 1814

«Jeg begyndte min militaire Løbebane i Hs. Majestæts og Fædrelandets Tjeneste d. 16. September 1774 i det Trondhjemske Dragon-Regiment», fortel Sejersted sjølv i sitt livsløpsoversyn. Det er ikkje kjent kva utdanning og opplæring han hadde før den tid, men rimelegvis har faren instruert han i militære disiplinar, både bokleg og praktisk. Krigsskolen (Den matematiske skole) i Christiania hadde da eksistert i 24 år. Den var enno ikkje vorten obligatorisk i offisersutdanninga, og ingenting tyder på at Sejersted har gått der.

Sejersted fortel vidare at han hadde «4 Aars Ophold i Kjøbenhavn» i åra 1777-1781. I fleire sekundærkjelder står det at han «studerte» der. Det er rimeleg å tenkje seg at dette har vore militære fag, t.d. ved Kadettkorpset (tilsvarande den norske Krigsskolen). Om det var universitetsstudiar, hadde han venteleg nemnt dette sjølv. Gjennomgått kjeldemateriale gjev ikkje noko sikkert svar på dette.

Avansement og stilling i det militære var elles som følgjer:

  • Sekondløytnant a la suite ved Falsterske infanteriregiment (seinare 3. jydske infanteriregiment) 4. juli 1781.
  • Verkeleg sekondløytnant 2. juli 1784.
  • Deltok som adjutant for general Adam Ludvig Moltke i felttoget mot Sverige i 1788 («Tyttebærkrigen») og i troppemarsjen til Holstein i 1789.
  • Premierløytnant a la suite 28. november 1789. På initiativ av general Moltke fekk Sejersted nå «studere høiere militære Videnskaber» under generalmajor von Binzen i Kiel.
  • Verkeleg premierløytnant 4. april 1792.
  • Overført frå 3. jydske infanteriregiment og tilsett i generalkvartermeisterstaben (i Danmark) som aide-generalkvartermester 13. april 1794.
  • Kaptein 14. august 1795.
  • Generalkvartermeister-løytnant 30. januar 1801 og var i den funksjon med troppane som hærsette Lübeck og Hamburg.
  • I 1803 haadde han tilsvarande funksjon under generalløytnant von Evald til Hnanover, der dei var til dei hannoverske troppane hadde kapitulert og gjeve seg over for Napoleon.
  • Våren 1804 og igjen om hausten var han beordra til «militære reiser» gjennom Hannover for å rapportere til øvstkommanderande (kongen). Båe reisene «bleve udførte til Hs. Majestæts Velbehag», skriv Sejersted sjølv i sin biografi.
  • Om sommaren det same året var han beordra av kongen til å følgje franske ingeniøroffiserar under vitskaplege observasjonar i Danmark som dei hadde fått løyve til for å «verificere deres trigonometriske Observationer i det Hannoverske».

Sejersted var i teneste i Danmark til 1807.[3]

  • Major 16. oktober 1807, og frå same dato beordra til teneste i den norske hæren, som generalkvartermeisterl-øytnant ved Sønnafjelske generalkommando under prins Christian August.
  • Oberstløytnant i den nyoppretta dansk-norske generalstaben 20. januar 1808.
  • Var med («bivaanede») ved trefninga ved prestegarden i Høland mellom norske og svenske troppar den 18. april 1808.
  • Oberst 25. juli 1810.
  • I 1813 hadde Sejersted hovudansvaret for utarbeidinga av ein forsvarsplan for Sør-Noreg.
  • Tok avskil frå dansk teneste den 7. mars 1814.

1814

Avskilen frå dansk teneste var naturlegvis ein konsekvens han tok av storhendingane i landet etter Kieltraktaten.

Som Christian Fredriks betrudde mann var Sejersted med på det såkalla rådsmøtet på Eidsvoll 29. og 30. januar 1814, saman med Carsten Tank, stiftamtmann Thygeson, biskop Bech og statthaldarsekretær C.H. von Holten.[4] Det var semje mellom dei tilstadeverande at Kielfreden ikkje kunne godtakast. Møtet halla i retning av at prinsen var i sin fulle rett til å overta den norske krona i kraft av sin arverett. Lite er elles kjent om kva som gjekk føre seg på rådsmøtet. Som sentral militærperson må det nødvendigvis ha vore Sejersted saman med øvstkommanderande Christian Frederik som orienterte om dei forsvarsmessige premissane for ein oppreist mot Kieltraktaten.

Sejersted var også med på det viktige stormannsmøtet på Eidsvoll den 16. februar. Der var det større militær representasjon med general Haxthausen, oberst Arenfeldt, oberstløytnantane Haffner og Rode og major Brock. Blant desse var Brock motstandar av einevelde, Haffner for.[5] Christian Frederik, som let seg overtale til å ta krona på grunnlag av folkesuverenitetsprinsippet, ikkje etter Kongelova sin arveeinevaldsrett, skriv følgjande i dagboka si 16. februar:

«Jeg følte vegten av hvad de sa, og ofret med glæde baade den ret jeg trodde å ha, og min egen personlige mening for den offentlige mening, som blev uttalt av saa kloke og agtværdige mænd. Sejersted sa mig senere, at han var av samme mening.»[6]

Det er uråd å seie kor djuptfølt og sjølvstendig Sejersteds standpunkt var. Sitatet røpar vel implistt at Sejersted ikkje hadde uttala si meining under møtet, og at han dermed ikkje har agert politisk ved dette høvet. Det ville da også ha vore uhøyrt av den øvstkommanderande prinsens stabssjef.

Åra etter 1814

Under den nye norske staten vart general Sejersted utnemnd til kommandant i Trondheim 12. januar 1815 og kommanderande general nordafjells frå 4. april same år. Med den nye hærordninga og nedlegginga av dei to generalkommandoane (Sønna- og Nordafjelske), vart Sejersted frå 1. januar 1818 sjef for Trondhjemske infanteribrigade og forfremma til generalløytnant 7. september 1818.

I Trondheim åtte general Sejersted ein bygård i Kjøbmandsgaten 14. Han hadde ei samling av militær faglitteratur som etter hans død i utgjorde grunnstammen i eit offisersbibliotek i Trondheim.

Ordenar og heidersteikn

  • Riddar av Dannebrogordenen 4. klasse 28. januar 1811.
  • Riddar av Sverdordenen 26. november 1814.
  • Kommandør av Sverdordenen 7. januar 1815.
  • Storkors av Sverdordenen i 1817.
  • Medlem av Kungliga Svenska Krigsvetenskabs-Akademien frå 1820.

Referansar

  1. Ministerialbok for Melhus/Flå 1761
  2. Friderich Christian von Sejersted i folketeljinga 1801 for Stjørdal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  3. Sejersteds sjølvbiografi, jf. Koht, H. 1914:104
  4. Koht, H. 1914:88-89
  5. Fotnote
  6. Chr. Fr.s dagbok:163.

Kjelder og litteratur

  • Anker, C.J.: Biografiske data om 330 norske, norskfødte eller for nogen tid i den norske arme ansatte generalspersoner 1628-1885. Kristiania 1885.
  • Berg, Roald: Profesjon, union, nasjon. Norsk forsvarshistorie bd. 2, 1814-1905. Eide forlag, Bergen 2000.
  • Borgersrud, Lars: Konspirasjon og kapitulasjon. Nytt lys på forsvarshistorien fra 1814 til 1940. Oktober forlag, Oslo 2000.
  • Koht, Halvdan: «Frihetsgjerningen paa Eidsvold», i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.
  • Kong Christian Frederiks dagbok fra hans ophold i Norge i 1814. (Tillegg til Riksforsamlingens forhandlinger). Kristiania 1914.
  • Lindbäck-Larsen, Odd: Den norske hær og 1814. Krigshistorisk institutt. Utg. av Forsvarsdepartementet, Oslo 1945.
  • Lindbäck-Larsen, Odd: Artikkel om Johannes Sejersted i Norsk biografisk leksikon (1958).
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bind 1-2. Norsk Slektshistorisk Forening. Oslo 1948-1949. Digital versjon
  • Sejersted, N.J.: Sejersted. En norsk militærslægt. Christiania 1905.
  • Stjørdalsboka band II del II. Gards- og slektshistorie Stjørdal herad. Utgjeven av Størdal, Skatval, Lånke, Hegra og Meråker herad.
  • Stjørdalsboka band III. Gards- og slektshistorie Lånke herad. (Utgjevar, sjå ovanfor.)
  • Johannes Sejersted i Historisk befolkningsregister.