Jordalen (Voss)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jordalen er ei grend heilt nordaust i Voss kommune, på grensa til Aurland og Vik i Sogn. Folketalet er om lag 40 personar. Dei fleste innbyggjarane driv landbruk, på gardar som ligg mellom 500 og 650 moh. Dei fleste produserer mjølk og kjøt (på storfe og sau), og grenda har dei høgastliggjande bruka på Voss som framleis har mjølkeproduksjon. Jordalen er dessutan innfartsområdet til store stølsområde for bygdene Voss, Aurland og Vik.

Grenda har vegsamband sørover, med ein bratt og rasutsett veg frå E16 i nærleiken av Stalheimskleivi. Om sommaren hender det at vegen vert blokkert av steinras, og om vinteren går det ofte snøras som stengjer vegen. I januar 2015 var grenda Jordalen isolert, etter ein periode med mykje snø og påfølgjande ras. I Jordalen ligg Jordalen målestasjon, som måler temperatur og snødjupn.

I 2016 opnast ein ny, rassikker veg (med tunnel) til Jordalen. Vegprosjektet kjem som ein følgje av at regjeringa har vedteke ei stor kraftubyggjing i grenda. Jordalselvi vert regulert, og ein kraftstasjon vert bygd inne i fjellet. Det kjem òg ein 15 kilometer lang kraftleidning.

Kjelder og litteratur