Joronn Housken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Joronn Housken, ca. 1950.

Joronn Housken (fødd 2. november 1917 i Stavanger, død 4. desember 1993 same stad)[1] var filolog og lektor ved Stavanger katedralskole.

Familie

Foreldra var revisor Ole Housken (1856-1947) og Gudrun Housken, fødd Fjalstad (1885-1967). Housken hadde to sysken.[2][3]

Utdanning og arbeid

På veg heim, våren 1945. Housken er nummer tre frå venstre.

Housken tok artium ved Stavanger katedralskole i 1937. Ho gjekk ut med særs gode karakterar, noko ho hadde "gjennem alle år".[4]

Etter artium studerte ho ved Universitetet i Oslo, der ho tok språkhistorisk embetseksamen i 1947 og fekk tittelen cand.philol. Hovudfaget hennar var norsk, med tysk og engelsk som bifag. Hovudoppgåva til Housken, "Stavangerdiplomene før 1330: Rettskrivning og lydverk", blei gitt ut i 1954. I hovudoppgåva granskar ho 57 brev frå 12- og 1300-talet. I arbeidet fekk ho rettleiing frå språkforskarane Didrik Arup Seip og Trygve Knudsen.[5]

Housken tok pedagogisk eksamen i 1948, og arbeida frå då av som lektor ved både Hammerseng pensjonatskole, Volda offentlege lærarskole og Stavanger katedralskole.[2][6]

Andre verdskrig

Housken var filologistudent då ho blei arrestert 9. november 1943. 4. november deltok ho på eit illegalt møte i Stavanger, der mellom anna motstandskvinnene Helga Stene og Aasta Stene var tilstades. Dei var omtrent ti personar på møtet, og etter møtet blei ein av deltakarane tatt av Gestapo og torturert. For å ikkje røpa viktigare ting fortalte han om møtet. Dei fleste som hadde vore på møtet blei arresterte, blant dei Housken.[7] Ho blei overført frå Stavanger til Grini, der ho kom 1. desember 1943. 6. juli 1944 sendte dei Housken vidare til konsentrasjonsleiren Ravensbrück nord for Berlin, der ho fekk fangenummeret 45623. Seinare hamna ho i utekommandoen Altenburg under Buchenwald, ein konsentrasjonsleir i nærleiken av Weimar, der dei hadde mangel på arbeidskraft. Fangar frå andre leire, som Ravensbrück, blei sende dit, og Housken arbeida med produksjon av ammunisjon på våpenfabrikken Hugo Schneider AG.[8][9][10]

I boka Redningen: veien ut av fangenskapet våren 1945 frå 1998 skildrar motstandsmann og forfattar Kristian Ottosen flukta til Housken. Då russiske tropper nærma seg Altenburg, bestemte fabrikkleiinga seg for å flytta produksjonen lenger vest, mot Glauchau sør for Dresden. Under marsjen klarte Housken og medfangane Jenny Kiran og Magda Veseth å gøyma seg vekk iløpet av natta. Neste morgon trefte dei ein bevæpna tysk soldat:

Joronn, som var den språkmektige, kom i snakk med ham. Det viste seg at han var ute i like ulovlig ærend som dem. Han tilhørte en annen gruppe av Wehrmacht, og hadde ikke noe med vaktstyrken å gjøre. Sent på kvelden dagen i forveien hadde han truffet en jente han hadde tilbrakt natten hos. I mellomtiden hadde han mistet sin Wehrmacht-avdeling, og den var han nå på jakt etter. Joronn beholdt fatningen: "For noen øyeblikk siden gikk en gruppe soldater i den retningen," pekte hun. Han takket på det hjerteligste for hjelpen og sa: "Aber warum gehen Sie nicht zu den Amerikanern - hvorfor går dere ikke bort til amerikanerne?" Det viste seg da at en amerikansk soldatgruppe var like borte i veisvingen.[11]

Interesser

Housken sat i fleire år i styret i Stavanger kvinnesaksforening, der ho òg hadde foredrag om forfattaren Betty Friedan sin feministklassikar The Feminine Mystique.[12][13][14]

Housken samla i 1966 inn regler til Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo.[15]

Referansar

  1. Joronn Housken i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
  2. 2,0 2,1 Møller, Tryggve Juul. Studentene fra 1937 : biografiske opplysninger, statistikk og artikler samlet til 25 års jubileet 1962. Oslo: Bokkomiteen for studentene fra 1937, 1962. s. 232.
  3. Rogalands Avis, 26. september 1967.
  4. Stavangeren, 21. juni 1937.
  5. Housken, Joronn. Stavangerdiplomene før 1330 : rettskrivning og lydverk. Oslo: I kommision hos Aschehoug, 1954. s. 1.
  6. Ekrheim, Helga Sverdrup, Olav Ekrheim og Håkon Norås (red.). Norges filologer og realister. I hovedkommisjon hos Otto Floor's arvinger A/S, 1950. s. 368.
  7. Hatledal, Kristin. Kvinnekamp : historia om norske motstandskvinner. Oslo: Samlaget, 2011. s. 214.
  8. Ottosen, Kristian og Arne Knudsen. Nordmenn i fangenskap 1940-1945: alfabetisk register. Oslo: Universitetsforlaget, 2004. s. 323.
  9. Ottosen, Kristian. Kvinneleiren: historien om Ravensbrück-fangene. Oslo: Aschehoug, 2005. s. 128 og 294.
  10. Ottosen, Kristian. Redningen: veien ut av fangenskapet våren 1945. Oslo: Aschehoug, 1998. s. 300.
  11. Ottosen, Kristian. Redningen: veien ut av fangenskapet våren 1945. Oslo: Aschehoug, 1998. s. 301.
  12. Stavanger Aftenblad, 3. mars 1965.
  13. Stavanger Aftenblad, 27. april 1967.
  14. Stavanger Aftenblad, 12. mai 1966.
  15. NFS-Housken: 1 (Norsk folkeminnesamling, Universitetet i Oslo)

Litteratur og kjelder