Kjeldearkiv:1911-01-17 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1911-01-17 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 17.1.1911
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 150
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

17/1. 11.

Kjære Kristian!

Her kjem ei “grausam Salbe” fra[a] Norddalen – altsamen Sakir som er kjendt førr av dei Norddøler, som held “Gudbrandsdølen”; men det er no fulla ikkje alle, som held Dølen, veit eg. Det er smaatt um Stor-Nytt og Hende, som kan rive i Halsen, men i næste Brev skal eg freiste smørja ihop noko fraa Sjaak, Dovre og Lesja – kanhende det kunde bli ei Supe, som smaka lite meir av Fugl. Skal sjaa, um eg ikkje kunde faa med ei Sogu um “Rik-Skjellin”[1] paa Dovre, den største Jobbaren vi Norddøler enno har “lagt paa”.

Det blæs og “søgje’” i Høgdom idag og eg er redd Ski’ne ikkje gaar – eg som har tenkt meg sør-igjenom Skogen paa Rishogst – eg skal helse Stutarhougen, Skarven og Rudihøi fraa deg!

Heil og sæl!

Ivar.

Fotnoter

  1. Torstein Olsson Hjelle.