Kjeldearkiv:Norgesbrev fra Ola L. Lien til Daniel C. Jordahl 1936-11-29
Norgesbrev fra Ola L. Lien til Daniel C. Jordahl 1936-11-29 | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 1936–11–29 |
Fra sted: | Møre og Romsdal, Sunndal |
Fra: | Ola L. Lien |
Til: | Daniel C. Jordahl |
Til sted: | USA, Iowa |
Nr. i samling: | 1027 |
Samling: | Norgesbrev |
Oppbevaringssted: | Andreas Jordahl Rhude |
Tagger: | musikkorps, Emigrasjon, Helse og sykdom, Politikk, sykepleier, handelslag, sparebank, Økonomiske kår, Næringsliv, el.verk, Kommunikasjon, vegbygging, nasjonalarv, Familieforhold, gamleheim, forliksråd, reveoppdretter, dødsulykke, herredsstyre. |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Kjære søskjenbarn!
Aar og dag er no lagt att-om, sidan eg sist skrev brev aat deg.- Eg kan ikkje hugse, naar det sist var. Men eg er redd for at det strekkjer seg heilt til jubileumsaaret 1930, da du - som no i sommar - sendte oss innbyding til aa oververa ein konsert i Kristiansund paa din kostnad.- Noko felles skriv til takk vart det ikkje med oss i sommar. Eg bad Sigurd Jordal, som no er den mest "modne" av oss, aa ta seg av denne sak. Men det ha nok ikkje vorte med ham heller.- No har kanskje alle dei andre sendt deg kvar sin takk.- Ein gong paa ettersommaren tok eg til skulde faa istann eit brev eg og. Men einkvart kom ivegen, saa det ikkje vart fraa-seg-gjort. Og saa vart det gløymt att. Eg skjemmest for dette, og bed deg rett inderleg om orsaking for mi etterlatenhet. Takk skal du ha, fordi du paa denne maate gav meg høve til vera paa denne konserten - paa ein saa sjenerøs maate minte meg om min plikt til at vera der-. Du viste kva dette musikkorpset kunde prestere. Eg hadde ikkje raad til aa miste det. Det vart ei opleving - ei stor opleveng for meg. Paa saa mange maatar: Sang og mussikk er av dei ting som griper meg mest.- Ja, ein ypperleg framførts tale - præken - kan og gjera det-. Kan hende det er riktig av meg - aa karakterisere meg sjølv som eit stemningsmeneskje.- Eg har funne andre i slekten vaar - t.d. Ola Oppistuaan - som eg lyt seia det same om. Men der med skal det ikkje vera sagt, at han fall hen i krittiklaus stemning. Aa, neimen om eg vil gaa ved, at eg òg skulde ha lett for aa falle slik. Eg har mange prov paa, at Ola sin dom om kunst vart lagt merke til. Og eg veit, at mange gjerne vil høyra, kva eg seier om sleke ting.- - Det vart ei stor opleving for meg - eit nytt ljospunkt i livet mitt. Det faar bli min dom, om korpsets prestasjoner.- - Aa sjaa saa mykje fager ungdom samla paa eit brett saa aa seia, - leggja merke til, hvordan den minste rørsle av dirigenten sin taktstok - hans minespel og rytme kunde settja liv og fart i dette store maskineri av musklar og instrumenter, var ogsaa noko ein ikkje vil koma til gløyma.- Aa veta, at all denne fagre, disiplinerte ungdommen for det meste var sønnesønner av vaare første utvandrede frendar, maatte ogsaa gripe oss og løfte sinnet vaart.- Mor Noreg, som har fostra oss alle, bitt oss saman med sterke band. Baade vi og dykk har trong til aa halde dette sambandet vedlike.- Handslaget, som Den Norske Amerikaline har sett som symbol for verksemda si, er visselig godt valt. Og skulde ikkje vi, som bygger og bur i heimlannet, gle oss for kvar gong vi faar høve til aa rette dykk handa?- Berre vi ikkje gløymar, at det aa vera i heimlannet, i heimbygda og paa heimgarden forpliktar. Vi sitt inne med arven og vi pliktar aa verne om han - halde han i stann. Saa det ikkje skal bli eit vonbrot for alle desse staute ungdommer, som saa ofte gjester oss i flokk og følgje. Dei har saa ofte høyrt fortalt om dette lannet, desse bygder, denne garden. Om blanke fjorden omkransa av grønne lider op mot høge fjell.- Om dalen der kyrkja staar paa ein høg stad og gardane legg tett. Om grenna og den gamle stue. Om elva, bekjen, som fossar ned fraa Trollheimen, Trollbotnen og lager sølvband etter dalsøkka ned mot fjorden. Om øyane og havet. Og om folket i ørk og i helg.-- Vi har nok levd under utviklingens lov her og. Det gamle maatte falle for det nye, som steg fram. Det spørs om vi har forstaat aa velja og vraka rett. Om arven ha vore verna om paa rette maaten.-
Vi gjorde som du bad oss om: Søkte aa faa helse paa dirigenten, dr Sperati, etter koncerten. Det var lett aa faa til.- Han og leidaren med fruar samlast i hovudgangen fram med koret. Og saa gjekk vi fram aa helsa paa deim, og bad deim bera fram vaar helsing og takk til deg. Det vart noko av ei opleving det og. Naar vi fortalte kven vi var, og at vi var syskjen eller nere slegtningar av pastor D. C. Jordahl, saa lyste det op i anlede deira.- For oss var det lett aa forstaa, at du stod høgt i deira omdømme. Aa, saa godt som det gjorde aa sjaa dette!- Ved dr. Sperati si hjelp fekk eg høve til aa helse paa 2 sønnesønnar av Johannes Mosbø i Øksendal.- Du hugsar vel Johannes fraa den tid han var paa Mosbø. Han var medhjelpar.- Eg ser desse menn saa levande for meg: Gamle Petersen, Hallvard-morbror og Johannes - naar dei med stor verdegheit gjekk i prosesjon fraa "presteststuaan" i Skredderstutunet til kyrkja.- Eg tykte det var saa gildt aa faa helse paa desse gutane.- Og dette des meir, naar dei fortalte meg, at bestemor deira levde enno. Det var slikt venskap millom mor og Ann[?] Mosbøen. Og mor fekk fleire brev fraa henne etter at ho var kome derover.- Eg maatte be deim bera fram ei helsing til bestemor si fraa meg - ein 70 aarig søn av Ragnhild Lien.
Om meg sjølv og folket mitt maa eg nemne: Eg tek til aa bli gammelmann no, som du veit. Men eg maa vera mykje taksam for at eg [er] saapas som eg er.- Heilt frisk kan eg ikkje seia, at eg er.- Bronkitten er noko plagsam - serlig haust og vaar. Det gjer sitt til, at eg ikkje er saa lett paa foten, som eg ha vore - blir saa snart anblest. Og saa er det ikkje riktig bra med hørsla. Eg skal dog ikkje klaga blir det ikkje verre.- For 2 aar sidan sa eg fraa meg val og har no slutta som ordførar. Det var da 38 aar sidan eg kom inn i heradstyret og ha vore der. Dei siste 30 aar som ordførar. Det vart vist meg mykje godhug av bygdefolket, da eg slutta. Eg er framleis formann i forliksraadet. Forliksraadet sitt verkefeldt er mykje utvida ved seinare lover. I mange høve har forliksraadet domarplikt no. Men det utvida omraadet betyr ikkje mykje for oss. Folk er saa fredelege her. Og saa er eg framleis med i sparebanken sitt styre.
Det er 3 ting eg gler meg over aa ha vore med aa faatt istann for bygden: Sykepleiere med fast tilsett sykesøster og eit privat innsamla fond paa kringom 15 000 kr. Handelslaget der saa og seia kvar husstand i bygden er andelshavar og saaleis medeigar. Det har eigen grunn paa Øksendalsøra for eigne hus og kaianlegg. Der foregaar altid kontant handel og ved aarskiftet utdeiles[?] overskuddet som kjøpeutbytte, etter at fond og ømse gode formaal er tildelt tilskot. Sparebanken har no ein forvaltningskapital paa op i mot 200.000,- og eit fond paa 50.000,- Dette er nermest private tiltak. Av andre private tiltak, som eg har havt mindre aa gjera med, er elektrisitetverket i Erstadelven. Fraa Grytnes og op til Sæther - Øksendalsøra medteke - er innstalleret elektrisk ljos og kraft. Her ute og i Skrondalskrinsen har det hittil ikkje vorte noko anna enn tala om det enno. Alle disse tiltak ruver ganske sikkert ikkje stort for deg, som lever under større forholl.- Men for dei 540 menneskjor, som lever i denne bygda, har det mykje aa seia. Kommunale tiltak? spør du. For oss gammelkaran, som gjekk fraa borde for 2 aar sidan, ser det nermest trøsteslaust ut. Vi har søkt aa styre etter det gamle - og etter vaar meining - gode prinsip: Aa hjelpe oss sjølve saa godt vi kan. Og det er klart - slik som tida har vore no - at ein da maatte vera sers forsiktig med aa settja iverk nye tiltak som vilde auke kommunegjelden og leggja større tyngsle paa skatteytarane. Men krisetida har skapa ein ny mentalitet hjaa folket no. Saavel staten som dei fleste kommunar har grusa[?] med pengane - og laant, staten til tilskot til kommunar og private, kommunane til tiltak som kommunale elektrisit[et]sverk, store - for store - skulehus og forskottering til vegbygning m v. Følgjen ha vorte: Statens og kom.s kassor er botnskarpa, og nye baade derekte og inderekte skattar til staten maa utskrivast for aa ha til nye og større tilskot til kommunane. Dei kom. som har kjørt forsiktig her, faar lite eller inkje av dette. Den, som har kjørt saa gale, at vogna er velta, maa først ha hjelp, veit vi.-- Noko ha vi da gjort: Vølt[?] om vegane vaare, skulehusa, kyrkja - der er elektrisk ljos no - kommunebyginga o.s.v. Og vaar sjølvhevding har vi da ikkje mist, fordi vi likvel var paa rett veg.- Ei stor sak for vaar bygd held no paa skal faa si løysing. Vegsambandet millom Eidsøra og Sunndalsøra skal no gjennomførast. Arbeidet er no forbyrja millom Fredsvik og Aafar. Som du forstaar, er dette ei storsak for vaar bygd. Eg tykte, at eg maatte staa i "tenesta" til eg saag frukterne av mitt arbeide for bygda utad. No kan eg ha den glede.
Derimot tykkjer eg, at det er leit aa melde, at gamleheimsaka ikkje er gjennomført enno. I den seinare tid har det vore mindre aktuelt, fordi det er saa faa som trenger hjelp. Og det har ellers vore lett aa faa god forpleining for deim som er. Fondet - Jubileumsgaava fraa dykk - har staat urøyrt og avkastninga tillagt heile tida. No utgjere det kr. 9314,88.
Eg har forlengst overdrege garden til elste sønnen min John. Han er ein dyktig gardbrukar og alt overteke plassen min som medlem av formannskapet. Som dei fleste bønder no, sitt han trongt i det og har diverre ingen born. Nils og Lars er ogsaa gift. Nils er møbelsnekkar og har ei dotter. Lars revopdrettar og har 3 døtre.- Ragnhild, ælste dotter mi, vart gift med Bergsvein Aafar, men vart snart enkje. Ho har garden og ei dotter som no gaar paa skulen. Det ælste bornet hennar, ein gut, som diverre var elleptikkar[!], fall paa elva og døde. Gudrun er heime hjaa meg, og ho steller det bra for meg. Segrid, den yngste, har utdanna seg til sykesøster og er no tilsett paa Ullevaal sykehus, Oslo.-- Dette brev blir svert mangelfuldt. Det handla for det meste om meg sjølv og mine. Men eg lyt slutte no.-- Med takk for julehefter du har sendt meg vil eg hermed ønskje deg og dine Gledelig Jul og Godt Nyaar!
Vyrdsam helsing Ola L. Lien.