Gudbrand Klevgaard

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Klevgaard, Gudbrand»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminnet åt familien Espelien/Klevgaard på Bruflat kyrkjegard.
Foto: Dag Gurihus (ca. 2006)

Gudbrand Klevgaard (fødd 17. mars 1866 i Etnedal, død 7. juli 1945) var lærar ved Bruflat skule i Etnedal i 34 år. Han var òg klokkar, lokalpolitikar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar med meir. Han vart tildelt Kongens fortenstmedalje i sølv.

Bakgrunn og familie

Klevgaard var son av bonde Bjørn Klevgaard og Randi f. Thomle. Han gifta seg i 1897 med Anne Marie f. Espelien (1870-1952), dotter av gardbrukar Syver Espelien. I samband med brudlaupet deira måla tre av gjestene eit norsk flagg høgt oppe i fjellsida ved Høljarast. Dette var ein politisk provokasjon, ei protesthandling mot unionen med Sverige. Flagget, som er måla opp att ei rekkje gonger, var det fyrste av i alt seks bergflagg i Valdres. Under andre verdskrigen skaut tyskarane på flagget av di dei meinte det var ein nasjonal demonstrasjon mot okkupasjonsmakta.

Ekteparet Klevgaard kjøpte skogseiendommen Haugalie i 1902 og bygde opp hus her i 1930-åra, etter at dei tidlegare hadde budd i klukkargarden og på Bruflat skule. I Haugalie dyrka dei opp fem mål og litt beite, nok til å fø ei ku. Attåt hadde dei 700 mål produktiv skog. Anne Marie og Gudbrand Klevgaard hadde fem born, tre søner og to døtre. Sonen Magnus (1905-?) vart òg lærar.

Samfunnsvirke

Han var utdanna frå Hamar lærarskule (eksamen 1887). Til liks med mange andre bygdelærarar, som Johan Skrindsrud i Nord-Etnedal, hadde han stor interesse for lokalhistorie. Han skreiv flere artiklar med bygdehistoriske emne i avisa Valdres og i Tidsskrift for Valdres Historielag. Klevgaard var dessutan ein av stiftarane av Valdres Folkemuseum og hadde ymse kommunale verv.

I arkivet Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo finst folkeminne frå Etnedal samla av Klevgaard.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker