Knut Alvsson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knutstårnet på Akershus festning har namn etter Knut Alvsson, som var høvedsmann på Akershus. Etter tradisjonen vart liket hans lagt i Knutstårnet.
Foto: Mahlum (2007).

Knut Alvsson (fødd omkr. 1455, død 18. august 1502) var riddar og høvedsmann. I 1501–1502 leia han eit større opprør mot kong Hans. Han vart drepen under eit forhandlingsmøte i Oslo.

Slekt og familie

Han var son av riddar og riksråd Alv Knutsson (omkr. 1420–omkr. 1496) og Magnhild Oddsdotter (omkr. 1425–1499). Han var bror av Odd Alvsson og halvbror av Karl Sigurdsson.

I 1488 vart han gift med Görvel Eriksdotter Gyllenstierna (før 1478–før 1495), som var dotter av Erik Gyllenstierna og Kristina Bonde. Sistnemnde var dotter av kong Karl Knutsson Bonde.

Kring 1495 vart han gift for andre gongen med Mette Iversdotter Dyre (før 1463–omkr. 1527). Ho var dotter av Iver Jensson Dyre og Christine Pedersdotter Oxe.

Han fekk to søner, som døydde utan arvingar. Arven etter Knut gjekk derfor vidare til dottera Bodil Knutsdotter, og frå henne vidare til dottera hennar, Gørvel Fadersdotter.

Liv og virke

Knut Alvsson kom fra ein høgaristokratisk familie, med slektsband til både Noreg, Sverige og Danmark. Faren tilhøyrde slekta Tre Roser, medan mora kom frå Finneslekta frå Voss. Mellom eigedomane han arva etter far sin var GiskegodsetSunnmøre, SudrheimgodsetRomerike, GrefsheimgodsetHedemarken og Bjarkøygodset i Nord-Noreg. Gjennom sitt første ekteskap fekk han også store godssamlingar i Sverige, og gjennom det andre i Danmark.

Ein mann med store eigedomar og adeleg slekt hadde på denne tida òg stor politisk makt. Knut Alvsson var til tider lojal mot kong Hans, og andre gonger i opprør mot han. Omskiftingane ser særleg ut til å vere knytt til forholdet til Henrik Krummedike. Dei hadde eit fiendskap som gjekk attende til 1440-åra, altså før dei vart fødde. I kampen mellom Christian I og Karl Knutsson Bonde om den norske trona, skal Hartvig Krummedike, far til Henrik, ha stått bak drapet på Erik Sæmundsson, Karl Knutssons fremste mann sønnafjells. Erik var svigerfar til Knuts onkel, så det var ikkje noko nært slektskap der. Men under Christian I vart Alv Knutsson halde borte frå embete, sjølv om han hadde ein høg rang. I staden vart Hartvig og seinare Henrik Krummedike kongen sine fremste menn i Noreg.

Under Hans hadde framleis Krummedike makta i Noreg, men i 1490-åra endra det seg noko. Odd Alvsson, Knut sin yngre bror, vart høvedsmann på Akershus festning i 1494. Då han døydde i 1497 tok Knut over. Han vart kasta rett ut i problem. Futen Lasse Skjold vart drepen av bønder på Romerike, og allmugen stilte seg på drapsmannen sin side. På Akerstinget i februar 1498 kunne det ha endt med eit bondeopprør, men Knut klarte å få til eit forlik. I denne perioden var det liten støtte å få frå Krummedike. I desember 1498 vart drapsmennene dømt, og dei fekk milde straffar. Drapet vart ikkje rekna som overlagd, og dermed kunne dei kome seg ut av det med bøter. Bøndene fekk òg reduserte bøter. Det var Krummedike som var kongen sin fullmektig i domstolen, og for Knut verka den milde domen som ei krenking. Krummedike fekk fleire len ved dette høvet, noko som òg krenka Knut. Sumaren 1499 vart det enda verre, då Knut vart frateken Akershus slottslen.

Frå 1498 til 1501 var Knut stort sett i Sverige. Der var han saman med stormenn som var i opposisjon til kong Hans, mellom anna Svante Nilsson Sture, Sten Sture d.e. og biskop Hemming Gadh. Hausten 1499 byrja kong Hans å markere seg ovanfor dei svenske stormennene, og i 1501 kom eit oppgjer mellom dei. Dei oppsa i august 1501 sin truskap til kongen, og innleia eit opprør i Sverige. Då dei svenske stormennene fordelte lena mellom seg, fekk Knut Alvsson Värmland og Dal. Det var frå dette området han leia militære tokt i Noreg frå nyåret 1502.

Knut fekk kontroll over Akershus og Tønsberghus i løpet av kort tid. Det ser òg ut til at han kontrollerte Vestlandet, om enn ikkje like direkte som på Austlandet. Ein av hans allierte, Niels Ravaldsson, tok kontroll over Sarpsborg og Marstrand. Ein stor del av allmugen på Austlandet støtta Knut, av same grunnar som dei hadde hatt for å gjere opprør nokre år tidlegare. Våren 1502 kontrollerte Knut store deler av det sønnafjelske Noreg. Eit problem var Båhus festning, der Krummedike var høvedsmann. Han klarte ikkje å ta den, og i juli tok hertug Christian Elvsborg festning. Krummedike prøvde å ta Akershus, men Knut klarte å halde på den festninga.

I august 1502 møttes Knut Alvsson og Henrik Krummedike til forhandlingar i Oslo. Knut fekk garanti om fritt leide, men under møtet vart han drepen. Vi veit ikkje kva som skjedde, om han vart drepen under ein krangel eller om drapet var planlagt. Opprøret falt saman etter drapet på Knut, men handlinga var ikkje god for omdømet til Krummedike og kongen. For å forsvare drapet vart det kalt inn eit ekstraordinært byting i Oslo, der Knut Alvsson posthumt vart dømt for leidebrot og svik mot kongen. Liket vart liggande på Akershus – etter tradisjonen i Knutstårnet som ein åtvaring mot opprør – i staden for å verte gravlagt i vigsla jord. I 1505 vart domen stadfesta, men i 1514 vart Knut benåda. Krummedike kunna då forlikast med Knut sine søner. Han gav i samband med dette ei gåve til kong Håkons sin altar i Mariakyrkja i Oslo for lesing av sjelemesser for Knut sin sjel.

Kva som til slutt hende med levningane til Knut veit vi ikkje. Øystein Hellesøe Brekke innleiar boka Knut Alvssons krig med ei skildring av ei gravferd i Mariakyrkja med sjølve grava inne i kyrkja.[1] Kjeldene som er oppgjevne seier ikkje noko om dette, dei nemner berre gåva til altaren i kyrkja, så skildringa i boka er meir eller mindre fri fantasi. Det er heller ikkje truleg at han skulle ha vorte gravlagd inne i kyrkja; ein ting var å leggje han i vigsla jord, noko anna å gje han ein fyrsteleg gravferd. Det er ikkje nokon naturleg samanhang mellom gåva til altaren og ei gravferd; ein kunne gjere det eine utan å gjere det andre.

Referansar

  1. Brekke 2016:7.

Litteratur

  • Knut Alvsson i Norsk biografisk leksikon.
  • Brekke, Øystein Hellesøe: Knut Alvssons krig : ridderen som ville erobre Norge. Utg. Vigmostad & Bjørke. Bergen. 2016. ISBN 9788241911897.