Kornstad kyrkje
(Omdirigert fra «Kornstad Kirke»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kornstad kyrkje | |
---|---|
Foto: Aldebaran (2008).
| |
Stad: | Kornstad på Averøya |
Byggeår: | 1871 |
Kyrkjegard: | Kornstad kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkje |
Bispedøme: | Møre |
Prosti: | Ytre Nordmøre |
Prestegjeld: | Kvernes |
Fellesråd: | Averøy |
Sokn: | Kornstad |
Arkitekt: | Jacob Wilhelm Nordan |
Materiale: | tømmer |
Sitteplassar: | 340 |
Kornstad kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1871 på Averøya. Ho er soknekyrkje i Kornstad sokn, som tidlegare var annekssokn i Kvernes prestegjeld.
Ho vart bygd etter teikningar av Jacob Wilhelm Nordan av byggmeister Gustav O. Olsen frå Trondheim. Kostnadsramma var 3750 speciedalar. Kyrkja vart tømra i Steinkjer. Delane vart så nummerert og frakta til Kornstad, der dei vart sett saman. Den fyrste gudstenesta vart halde den 3. september 1871.
Kornstad stavkyrkje frå 1300-talet vart rive i 1871 då nykyrkja vart reist.