Kragerø fjordbåtselskap
Kragerø fjordbåtselskap blei stifta i 1896 og sørgar for transport mellom fastlandet og øyane i Kragerøskjærgården.
Bussruter
Fram til våren 2013 dreiv selskapet busstrafikk på Stabbestad og Skåtøy i tillegg til transporten til sjøs. Frå 2013 overtok Drangedal Bilruter denne drifta. Omtrent samstundes, i mai 2013, blei Kragerø fjordbåtselskap eit interkommunalt selskap, Kragerø Fjordbåtselskap IKS. I dag eig Telemark fylkeskommune halvparten av selskapet, og Kragerø kommune eig den andre halvparten.
Lokale
Etter at Kragerøbanen blei lagt ned i 1989 tok fjordbåtselskapet over jarnbanebygningen i Torvgata 1 i Kragerø sentrum. Fram til april 2017 fungerte bygningen som administrasjonsbygning for selskapet. Etter dette har selskapet hatt lokale i Ytre Strandvei 1 i Kragerø.
I dag
Selskapet har i dag (2018) tre ferjer; BF Jesper, BF Naus og MF Kragerø. I tillegg eig selskapet ein hurtigbåt ved namn «Perlen». Våre ferjane har «isklasse», dvs. byggja for å kunne forsere tjukk is. Dei har derfor i over 20 år stått for isbrytartenesta for industrien i havneområdet.
Selskapet går i daglege faste rutar heile året frå Kragerø til Tåtøy, Stabbestad, Skåtøy, Langøy, Bærøy, Gumøy og Jomfruland. På Jomfruland har ruta to anløpstadar og trafikkerar Aasvik brygge og Tårnbrygga. Bilar, syklar og liknande brukar kaia på Asvik, medan Tårnbrygga er kun for gåande.
Arkiv
Arkivet etter Kragerø fjordbåtselskap er ordna ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.
Kjelder og vidare lesning
- Heimesida til Kragerø fjordbåtselskap. (Lest 7. august 2018, kl. 11.00).
- Finstad, Håkon, Der kommer ferja! : Kragerø fjordbåtselskap 1896-1996, Kragerø : Selskapet, 1996. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.