Mikal O. Mølmen (1913-1940)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikal O. Mølmen, frå Våre falne bd. 3.

Mikal O. Mølmen født 12. oktober 1913Lesjaskog, død 26. april 1940 ved setra Hillingen i Nord-Fron i kamp med tyske soldatar. Han var født i Mølme av foreldra Mari Mikalsd. f. Thøring og Ola O. Mølmen.

Mikal Mølmen gifta seg i 1939 med Målfrid S. Løken. To år før bygde han opp garden Ensrud på Lesjaskog. Da mobiliseringsordren kom i april 1940 reiste han med ein gong til Jørstadmoen og melde seg til teneste som korporal. Han vart med i styrken som trekte seg opp i Gausdal og vart oppsplitta. Saman med to andre gjekk han fjelleies over til Hillingen, der ei større gruppe sivile hadde søkt tilflukt frå dei harde kampane ved Kvam. Etter den tunge marsjen fekk dei godt med mat frå dei sivile, og låg og kvilte da tyske soldatar nærma seg. Dei tok opp eldkamp, men alle tre fall.

Namnet han står øvst på minnesteinen på Lesjaskog.

Kjelder