Kvæven (Bykle gnr 1/16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvæven
Breive 63 - HFB I 121.jpg
Hovuddelen av gamlestoga i Kvæven vart oppført fyre krigen, men sidan har ho fått tilbygg både nordetter og søretter.
Foto: Aanund Olsnes (2005).
Stad: Bjåen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 16

Kvæven er det vestlegaste eller inste bruket i Bjåen i Bykle kommune. Det er også det nyaste i rekkja.

I panteregisteret og matrikkelen vert det kalla Bjåland, men dei som bur i Bjåen nyttar namnet Kvæven. Det siste er eit gamalt terrengnamn, medan Bjålandsnamnet var eit påfunn i samband med den formelle etableringa av eininga.

Bruket er ikkje fælt gamalt. Det var Olav Såvesson Bjåen som sette i gang med bureising på denne delen av farsgarden Nor i stoga Bjåen i 1930, og fekk skyldsett det som eige matrikkelbruk 3 år seinare.

Olav Såvesson Bjåen, f 1906, d 1999

Heimelsdokumentet til Olav fortel at han overtok ein ideell fjerdepart (halvparten av halvparten) av det som hadde vore bnr 3 sidan 1843, hadde rett til å setje opp hus og rydje slåtteland i eit visst lende, og elles nytte utmarka saman med oppsitjaren i Nor i stoga, bnr 17. Det kan virke underleg at Kvæven har bnr 16, medan Nor i stoga, som Kvæven faktisk er utskilt ifrå, har bnr 17. Forklaringa er at formelle endringar i eigedomstilhøva i Bjåen stundom har kome ei god stund seinare enn dei tilsvarande realitetsendringane.

Olav fekk som nemnt skøyte på bruket sitt i 1933. Men Nor i stoga, som hadde vore eit eige bruk sidan 1880-talet, var endå ikkje offisielt utskilt frå Sud i stoga (bnr 3). Det skjedde fyrst i 1939, men det heimelsdokumentet som Bjørgulv Såvesson då fekk tinglyst var eit brev av omtrent same slaget som det Olav hadde skaffa seg 6 år tidlegare. Noko full avklaring av kven som skulle eige kva gav ikkje dette, men det førde i minsto til at båe gardane vart synlege i offentlege dokument, og delingsproduktet altså tidlegare enn opphavsgarden.

Olav var ungkar då han sette i gang på bruket sitt, og kom til å verta verande ugift. Likevel bygde han seg eit drusteleg våningshus på 9 x 8 m i 2 fulle høgder, som sto ferdig i 1938. Planen var å drive med turisme. Stoga var eit tidlegare hotell frå nedi Haukeli, som hadde vorte kaupt til nedriving og frakta til fjells, men ikkje sett oppatt, av selskapet som dreiv gruvedrift atti fjellet ved Langevatn. Olav kaupte huset att av gruveselskapet, og køyrde materialane heim med hest. I det heile husa han mykje: I 1934 fekk han seg opp fjos, som han mura i gråstein, i 1936 var løa ferdig, og som nemnt bustadhuset i 1938. Ein legg merke til at uthusa kom opp fyre våningen. Bakgrunnen for dette er Olav budde i Nor i stoga, både under byggjinga og sidan, og faktisk aldri kom til å flytje inn i Kvæven. Innan krigen hadde han i alle høve kome godt i veg med å byggje opp bruket sitt.

Under krigen var han i England, og etterpå drog han til Svalbard eit par sesongar. Det eine året var han ilag med syskeborna frå Sud i stoga, slik det er fortalt i bolken om det bruket.

I 1947 døydde Bjørgulv i Nor i stoga, eldste bror åt Olav. Bjørgulv var ungkar og utan livservingar, og dødsfallet førde difor med seg at Nor i stoga vart ledig. Olav var yngstebror i syskenflokken, og der var to brør, Aslak og Svein, som hadde betre odel. Men Aslak var då alt etablert i Fjellstoga, og Svein kan ha tykt at det var vel så mæte hus for ein huslyd i Kvæven. I alle høve vart resultatet at Olav i 1949 overtok Nor i stoga, medan Svein, som hadde budd med huslyden sin i Eldhuset i Nor i stoga sidan han gifte seg i 1940, overtok Kvæven og flutte hit. Svein og Olav dela då også Breivassflotti, gnr 2, bnr 9, og sameleis Gunvaldjordteigen i Vinje, gnr 84, bnr 11, slik at dei hadde ein ideell halvpart kvar av desse eigedomane.

Svein Såvesson Bjåen (1903-1982) på utsnitt av gruppebilete frå ca 1935 (sjå heile biletet i bolken om Flaten.) Frå samlinga etter Knut T. Hovden ved Setesdalsmuseet.

Svein Såvesson Bjåen, f 1903, d 1982

g 1940 m Ingebjørg Pålsdtr. Myri, f 1918, d 1998. Born:
  • Margit, f 1942, sjå Åkrehaugen, bnr 111
  • Åsne, f 1943, sjå Bergli, bnr 95
  • Sondov, f 1946, g 1980 m Ingunn Lothe, sjå nedanfor.
  • Bjørgulv, f 1953, sjå Bjåli, bnr 74

Ingebjørg Bjåen kom frå Myri eller Mule i Særensgrend, Vinje, og var dotter åt Pål og Åsne Myri på det bruket. Ingebjørg og Svein dreiv med turisme attåt kyr og sauer. Tidlegare hadde Svein og brørne hans vore sterkt engasjerte i driftehandel. Dei kaupte opp kretur nedi Valle om våren, hadde dei på beite i Bjåen om sumaren, og dreiv dei til Skien for sal om hausten. Men ved det leitet då Svein overtok Kvæven var det slutt med denne verksemda.

I 1953/1954 vert det oppgjeve at garden hadde 18 mål dyrka mark, og at buskapen av Svein og Ingebjørg på denne tid var 1 hest, 3 kyr, 3 kalvar, 1 gris, 18 sauer og nokre høns.

Eldstesonen overtok bruket av faren i 1979:

Sondov S. Bjåen.
Foto: Setesdølen (2004).

Sondov Sveinsson Bjåen, f 1946

g 1980 m Ingunn Lothe, f 1956. Born:
  • Ingrid Margrete, f 1985
  • Svanhild, f 1994

Ingunn Lothe Bjåen er fødd i Nord-Aurdal, som dotter åt Sverre Lothe og kona, Ingrid Solveig, fødd Bossheim. Ingunn kom til å byrje med til Hovden som kasserar i sparebanken, og har arbeidd ein del i banken også etter at ho fekk familie. Same året som dei gifte seg sette Sondov og Ingunn seg opp nytt bustadhus. Det nye huset står litt ovanfor gamletunet på Kvæven. Det vart utskilt som ein eigen eigedom med eige bruksnummer under Breive (bnr 96).

I gardsdrifta har Sondov sidan overtakinga hatt samarbeid og økonomisk fellesskap med syskenbarnet Sigurd Aslaksson Bjåen i Fjellstoga. Saman dyrka dei to i åra 1979-83 opp omlag 250 mål. I 1980 bygde dei seg fellesfjos, og her har dei kring 30 mjølkekyr og omlag 50 ungdyr og kalvar.

I utmarka er det framleis sameige mellom Nor i stoga og Kvæven. I tillegg til sameiget desse i mellom, er der også sameige i høgheia, der alle oppsitjane og eigarane i Bjåen er med på like fot. I dei sistnemnde heiestrekningane set dei bort reinsdyrjakt. Dette terrenget er på omlag 65.000 mål.


0941 Bykle komm.png Kvæven (Bykle gnr 1/16) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjåen • Neste bolk: Nor i stoga