Kviteseid Bruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kviteseid Bruk.

Kviteseid Bruk var både sagbruk, mølle og frørenseri. Bruket låg ved Sundkilen lense, like ved bygga i sentrum av Kviteseid, og låg slik godt til for både fløytingsvassdraga og vegsambanda i området. Det var ingeniør Olav Dalen som starta verksemda, og som eigde den saman med Margit Hedvik Dalen. Kristian Herrefoss styrte drifta ved bruket.

Sagbruket blei bygd i 1937, medan mølla blei bygd året etter. Verksemda vart satt i drift 1. desember same året. Mølla dreiv vesentleg med "leiemaling" og såkornrensing, men har opp igjennom også drive mykje med handelsmaling. Kundekrinsen var i hovudsak Kviteseid kommune. Frørenseriet blei bygd i 1939. Kundekrinsen var den same som mølla, i tillegg til Lårdal kommune.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.