Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell Billag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell Billag vart skipa i 1920. Laget hadde rute frå brygga på Lårdal til Øygarden i Øyfjell. Då vegen til Rauland vart opna i 1927, gjekk ruta heile vegen dit.

Historikk

Billaget vart til etter initiativ frå Aslak Øygarden. Den fyrste lastebilen heitte "Winther", men mange kalla bilen "Store-Gonil". Sidan det var så få personbilar kring 1920 vart lastebilen også nytta som turbil. Då plasserte ein benkar på lasteplanet, og for å koma opp måtte ein bruke stige. I dei brattaste bakkane hendte det at passasjerane måtte gå av.

Den fyrste sjåføren i laget var Olav Høydalsmoen, eller "Wessel" som han vart kalla. Ruta han køyrde gjekk til Øygarden i Øyfjell, men berre om sumarane. Noko særleg brøyteutstyr hadde ein ikkje, og det hendte rett som det var at bygdefolket måtte halde dugnad for at vegen skulle kunne haldast open for biltrafikk.

Seint på hausten 1925 vedtok heradstyret på Rauland å yte pengar til fullføring av vegen langs Lognvikvatnet slik at det vart samanhengande bilveg frå Lårdal til Rauland. Vegen var ferdig i 1927, og året etter kom det i gang ei rute frå Rauland til Skien ei gong i veka. Seinare vart tilbodet utvida til å gjelde tre gonger i veka.

16. juni 1935 vart det avholdt møte på Heggtveit i Lårdal der styremedlemar frå "Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell Billag" og L/L Lastebil var samla. Der vart det vedtatt å slå saman dei to billaga til Rauland-Lårdal Billag. Aslak Øygarden heldt fram som formann i det nye laget.

Arkivet

Arkivet etter Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell Billag vert ordna ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Oversikta over arkivet vil bli publisert på arkivportalen.

Kjelder

  • Henriksveen, Herman, Bakke opp og bakke ned : rutebildrift i Vest-Telemark, Seljord, 1997. Digital utgåve på bokhylla.