L/L Lastebil

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

L/L Lastebil blei skipa 25. mars 1918. Lutlaget køyrde strekninga frå Nesland i Vinje til Rauland.

Historikk

Vegen mellom Åmot og Rauland vart opna i 1916. 25. mars 1918 gjekk luteigarar på strekninga frå Nesland i Vinje til Rauland saman og fekk i stand eit automobillag. Den fyrste formannen var Åsmund Gøytil, og den fyrste bilen laget hadde var ein "Dearborn" med skiltnummer H-100. Den hadde kompakte hjul, og var visstnok svært vanskeleg å styre. Seinare fekk dei ein "Republik" som var ein kombinert bil. Alslak Omsberg frå Dalen vart tilsett som sjåfør i 1920.

Om sommaren gjekk det greitt nok, men når vinteren gav teikn frå seg, blei det verre. Dei fyrste åra før ein fekk snøplog på bilen, blei ruta stuttare og stuttare. Fyrst var det å gje seg på Hylland, men etter kvart som snøen trekte seg nedover, stoppa ruta i Åmot. Men så hadde eg varer med, og dei kunne ikkje berre leggjast i snøen. I hus måtte dei, og verst var det i Åmot. Der måtte eg bera 1700-1800 kilo på ryggen, rundt ein lang sving på holka, før eg kunne sleppe frå meg sekkane i garasjek til Dr. Thiis. Og så skal du hugsa på at den tid var det ikkje 50 kilos sekkar. Nei, dei vog 100![1]

Ei gong i veka gjekk det fast tur til for å hente kvalkjøtt til revegardane. Når ein kom heim måtte bilen vaskast slik at det vart levande for passasjerane å sitje på dagen etterpå.

Samanslåing

16. juni 1935 vart det avholdt møte på Heggtveit i Lårdal der styremedlemar frå Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell Billag og L/L Lastebil var samla. No vart det vedtatt å slå saman dei to billaga til Rauland-Lårdal Billag. Aslak Øygarden, som hadde vore formann i "Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell Billag", heldt fram som formann i det nye laget. Aa. T. Mo frå L/L Lastebil vart varaformann.

Arkivet

Arkivet etter L/L Lastebil vert ordna ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Oversikta over arkivet vil bli publisert på arkivportalen.

Kjelder

  • Henriksveen, Herman, Bakke opp og bakke ned : rutebildrift i Vest-Telemark, Seljord, 1997. Digital utgåve på bokhylla.

Referansar

  1. Fortalt av Aslak Omsberg i Henriksveen, 1997, s. 32.