Rauland-Lårdal Billag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rauland-Lårdal Billag vart stifta under eit møte på Heggtveit i Lårdal 16. juni 1935. Billaget hadde rute frå brygga i Lårdal til Rauland i noverande Vinje kommune.

Historikk

Rauland-Lårdal Billag vart stifta då styremedlemar frå Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell Billag og L/L Lastebil heldt møte i 1935. Der vart det bestemt at dei to billaga skulle slåast saman. I det nye styret vart Aslak Øygarden frå Øyfjell vald til formann. Med i styret hadde han Olav T. Skolås frå Øyfjell, Egil Tveiten frå Høydalsmo og Nils Heggtveit frå Lårdal. Frå L/L Lastebil vart Aa. T. Mo, Hans Torjussen, Knut Kostveit og Jon Kramviken med i det nye styret.

På møtet vart løna til sjåførane også bestemt. Aslak Omsberg fekk 200 kr månaden og fri på sundagen, men han vart pålagt å køyre ein ekstratur utan godtgjersle frå Dalen til Rauland ved behov. Halvor Ofte fekk også 200 kr månaden. Han fekk fri både sundag og måndag, men vart pålagt å køyre ein ekstratur utan godtgjersle frå Dalen eller Lårdal til Rauland ved behov. [[Bjørn Svalastog fekk 170 kr månaden, men fri sundag. Alle bilførarane hadde rett på 20 prosent av bruttoinntekta på ekstraturar på fridagane sine.

Bilane til det nye billaget var frå byrjinga ein grå og ein raud Reo og ein Nash. I tillegg vart det kjøpt inn ein Volvo.

På årsmøtet i 1942 vedtok billaget å slå seg saman med Vinje Kommunale Billag og Åmdals Verk-Dalen Bilrute. Det nye laget vart kalla Vest-Telemark Billag. I 1972 gjekk selskapet saman med L/L Fyresdal, Vrådal, Nissedal Bilrute, og vart heittande Vest-Telemark Bilruter. Selskapet vart ein del av Telemark Bilruter i 1998.

Arkiv

Arkivet etter Rauland-Lårdal Billag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • Henriksveen, Herman, Bakke opp og bakke ned : rutebildrift i Vest-Telemark, Seljord, 1997. Digital utgåve på bokhylla.