Legat i Fyresdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon og Gro Kiland
Foto: H.R.Norberg, Tvedestrand

I Fyresdal kommune var det i 1910 to legat

John og Gro Kilands legat

I eit gåvebrev av 1. desember 1906 vart det satt inn i Fyresdal sparebank kr. 2000,00. Dette skulle vere eit legat, og minst halvdelen av rentene skulle leggjast til summen til den hadde auka til minst kr. 25 000,00. Rentene som kunne brukast skulle gå til gudeleg skule i Kilands og Kyrkjebygda sine skulekrinsar, alt etter som det er fastsatt i gåvebrevet.

Torgrim Hæsstads legat

Det var på kr. 200,00 og rentene skulle brukast til verdige trengande som ikkje hadde fått av fattigkassa. Rentene vart bruka til å kjøpe inn klede som vart gjeve bort ved juletid til dei som trong. Det var soknepresten som styrde med dette.

Epilog

Båe desse legata er avslutta ein gong før 1990 talet.

Kjelde og til utdjupande lesnad