Lifjorden krins
Lifjorden krins i Hyllestad kommune vart namnet på den nye krinsen når Hellem krins og Risnes krins vart slått saman i 1888. I 1861 dekka krinsen Risnes, Hovland, Lundeland, Lekva, Hovlandsvåg, Hellem, Rinde og Lireid. I 1974 vart Lifjorden slått saman med Hyllestad og Sørefjord.
Skulehus
Lifjorden skule
Skulehuset i Lifjorden ligg på Lundeland.
Skuledagen
Skulevegen
På Lundeland låg Lifjorden skule omtrent midt i krinsen. Alle elevane gjekk eller sykla til skulen, der var ingen som budde så langt unna at det var naudsynt med skyss. Samanlikna med andre stadar i fylket var nok skulevegen for elevane i Lifjorden rimeleg grei. Alle kunne stort sett gå eller sykle langs fylkesvegen gjennom bygda, unntaket måtte vere elevane frå Hellemsvika. Dei laut først ta seg fram eit godt stykke gjennom ulendt utmark før dei kom til grusa og vedlikehalden veg. For elevane i Lifjorden var det ikkje snakk om å ta over vêrharde høgdedrag eller utsette seg for rasfare, og eg kan ikkje minnast at elevar var borte frå skulen på grunn av at skulevegen var uframkommeleg. Men lat no òg dette vere sagt- å ta seg fram til skulen frå ytterpunkta i krinsen (Risneshaugane og Lireid) kunne vere strevsamt nok for ein sjuåring.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Risnes | Bernt | Lifjorden | Var lærar i 40 år | |||||
Kolgrov | Magnus | Lifjorden | ||||||
Hovland | Maren Indrebø | Lifjorden | ||||||
Lundeland | Bergljot | Lifjorden | ||||||
Heistad | Bjørg Inger | Lifjorden | ||||||
Risnes | Sverre | Lifjorden | ||||||
Hansen | Bjarne | Lifjorden | ||||||
Aas | Knut Geir | Lifjorden | ||||||
Holt | Andreas | Lifjorden | ||||||
Osa | Theodor Bernhoft | Lifjorden |
Foto
- Skulejente på veg til skulen i Lifjorden, skulehuset i bakgrunnen. Fotograf: ukjend. Tilbydar: Magnus Lundeland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Ein skuleklasse i Lifjorden ca. 1925. Lærar var Bernt Risnes Han var lærar i krinsen i 40 år. Skulen var 2-delt med små- og storskule. Alle borna kom frå Lifjorden. Fotograf: Trine Risnes Tilbydar: Magnus Lundeland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Sykurs ved Lifjorden skule i 1940. Dei 19 jentene på sykurset oppstilte ute i snøen. Lærar er Solveig Kolgrov. Fotograf: Bjarne Råsberg. Tilbydar: Hyllestad kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Digitale kjelder
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt fotoarkiv.