Lindås kommune
Lindås kommune låg i Hordaland, og grensa til Modalen og Gulen i nord, Vaksdal og Osterøy i aust, Bergen i sør og Radøy, Meland og Austrheim i vest. Administrasjonssenteret var Knarvik. Kommunen gjekk den 1. januar 2020 saman med Radøy kommune og Meland kommune inn i nye Alver kommune.
| Lindås kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1263 |
| Fylke | Hordaland |
| Kommunesenter | Knarvik |
| Areal i km²(2020) | 474,99 km² |
| Folketal 2020 | 15 789 (2018) |
| Grunnlagt | 1838 |
| Opphørte | 2020 |
| No del av | Alver kommune |
Lindås var ein industrikommune, med Statoils raffineri på Mongstad som største arbeidsplass. Raffineriet ligg dels i Lindås kommune. Det er og ein del verkstadindustri. På Lindåshalvøya finn ein landbruksdrift, særleg husdyrhald.
22. juni 2016 vedtok kommunestyra i Lindås, Radøy og Meland at dei tre kommunane skal slås saman. Den nye kommunen får namnet Alver, og vert etablert 1. januar 2020.
Kjelder og litteratur
Eksterne lenkjer
- Bergens Tidende på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)
|
