Lista

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mellom hav og hei ligg Jølle. Ein molo skjermar uthamna mot Nordsjøen.
Foto: Leif-Harald Ruud (2020).

Lista er ei halvøy i Farsund kommune. Ho ligg med Listafjorden i vest og Lyngdalsfjorden-Krossnessundet-Framvaren i aust, og er forbunde med fastlandet ved Listeid. Det er fleire grender og bygdelag på lista, og fleire av dei har eit landsbypreg som er uvanleg i Noreg.

I sør ligg ei stor morene, som er tre til fire kilometer brei. Bak denne stig landskapet bratt opp til over 300 meter over havet, med høgste punkt på Storfjellet, 346 moh. Det er gjort funn frå steinalderen og seinare perioder. Lista er nemnd fleire gonger i sagalitteraturen.