Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2011-16
Hopp til navigering
Hopp til søk
Reinost (nynorsk/bokmål; bokmål/svensk renost; sørsamisk bovtsenvuasta; pitesamisk buhtsuvuässta -st-; lulesamisk boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mørke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flate, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (lulesamisk dæjvvo -jv-) eller utskore tre (lulesamisk skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varer og tenester mellom dei og den fastbuande befolkninga. Les mer...