Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2016-24

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aksjebrev i Norges Bank 1819, utferda til handelshuset Konow & Co. i Bergen. Firmaet åtte venteleg mange fleire aksjar der. Dei er noterte for eit innskot på 10.000 spd. i sølvskattelista for Bergen, rode 4 nr. 82.

«Sølvskatten 1816» er den vanlege nemninga for tvungne innskot som vart utlikna på landets formuer til eit grunnfond for den nyskipa Norges Bank. Det var trass namnet altså ikkje ein skatt. Innskota skulle gjerast i sølv eller gull, utmynta eller ikkje. Frå fyrst av var håpet at det skulle greie seg med frivillig teikning, men det måtte raskt gjevast opp. Inndrivinga var heimla i lov av 14. juni 1816 (stortingsvedtak 20. mai). På same dag (14. juni, stortingsvedtak 14. mai) kom også ei lov om ein ekstraordinær formues- og næringsskatt med same utlikningsgrunnlaget som bankinnskota. Nemninga «sølvskatt» som festa seg ved det tvungne grunnfondinndrivinga, har truleg bakgrunn i at ein ikkje har skilt klårt mellom dei to nært sambundne pålegga.

Båe delar var i alle høve lekkar i det komplekset av tiltak som Stortinget meinte måtte til for å få reetablert eit stabilt finans- og pengevesen etter 1814. Sølvskatten og formuesskatten var forutsette i lova om pengevesenet som kom på same dato (14. juni, stortingsvedtak 9. april), og som mellom anna oppretta Norges Bank.

Ordninga av pengevesenet var politisk komplisert og skapte sterke kontroversar. Sølvskatten og formuesskatten var hovudårsaka til bondeaksjonane på Austlandet i 1818 under leiing av Halvor Hoel.Les mer...