Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2023-5

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå oppslagsside Norges Beskrivelse (1842)

Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge av Jens Kraft er eit bokverk utgjeve i seks band i tidsrommet 1820–1835. Delar av verket kom i reviderte utgåver 1838–1842, og eit samanfattande band vart trykt heftevis i åra 1845-1848. Verket gjev ei grundig og detaljert framstilling av naturtilhøve, befolkning, økonomi og næringsliv i tida rett før industrialiseringa kan seiast å ha teke til i Noreg. Det omhandlar også ein del «historiske Notitser» og «Oldtidsminder». Men fyrst og fremst er det ei allsidig natur- og samfunnsgeografisk samtidsskildring, landsdel for landsdel, amt for amt og fogderi for fogderi ned til bygdelagnivå, og endatil med omtale av eit ganske omfattande utval av gardar i dei einskilde prestegjelda. Byane er omtala i eigne avsnitt.Les mer...