Måbødalsulykka

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegen gjennom Måbødalen er bratt og krevjande, og bremsesvikt på bussen vart fatalt i 1988. Biletet er frå ei tidligare tid, teken kring 1948-51.
Foto: Ukjend/Nasjonalbiblioteket
Minnestein i Kista i Stockholm, der skuleklassen kom frå.
Foto: KistaChic (2008).

Måbødalsulykka var ei bussulykke som fann stad ved utløpet av Måbøtunnelen i Eidfjord den 15. august 1988. Det var ein svensk buss med skuleborn og foreldre frå bydelen Kista i Stockholm som var på veg til Bergen for å ta båt til Shetland som køyrde i fjellveggen etter å ha mista bremsane. Seksten menneske omkom, og av dei var tolv born i elleve–tolvårsalderen. Atten vart skadd.

Riksveg 7 gjennom Måbødalen i Eidfjord kommune er ei krevjande strekning med åtte prosent stigning og mange sløyfar. På veg ned bakken merka sjåføren at han ikkje lenger hadde verknad i bremsane i tunnelen. Han gira ned, men giret kopla ikkje inn og drivverket gjekk i fri. Dermed verke heller ikke hjelpebremsen, retarden, som ein har på tyngre køyretøy. Bussen hadde vore gjennom ein teknisk kontroll i mai 1988. Det viste seg etter ulykka at det var skjulte feil i bremsane, som ikkje vart fanga opp i kontrollen.

Utan bremsar og utan å kunne sakke farta med giret tok sjåføren eit vanskeleg val. Han la bussen inn i tunnelveggen, fordi han forstod at lenger nede ville dei ikkje hatt ein sjanse i hårnålssvingane. Farta var då på mellom 64 og 100 km/t. Hadde sjåføren ikkje gjort dette, er det all grunn til å tru at alle i bussen hadde mista livet, for hadde han gått over kanten i ein av svingane ville dei ikkje ha hatt nokon sjanse.

Den første på staden var trailersjåføren Jens Petter Olaussen frå Sarpsborg, som hadde køyrt bak bussen frå Gol. Fleire andre trafikantar kom òg raskt til staden. Naudetatane vart varsla raskt, kring fire minutt etter ulykka, og dei som var på staden sette i gong eit improvisert redningsarbeid. Ein av dei som kom raskt til var kirurg Claus Haga, som var på veg heim frå ferie. Han måtte gjere det tunge arbeidet med å skilje dei døde frå dei levande, og peike ut dei som trengte hjelp først. Etter to og ein halv time var alle ute av vraket. Fleire hadde døydd i kollisjonen, medan andre døydde medan dei sat fastklemd. Den siste som vart berga ut var bussjåføren. Etter at redningsmannskap kom til var meir enn hundre personar med i redningsarbeidet. Dei hardast skadde vart frakta til Haukeland sjukehus i Bergen med helikopter. Sjåføren døydde på sjukehuset to veker etter ulykka. Eit av borna som døydde var sonen hans.

Ved tunnelopninga vart det dagen etter ulykka lagt ei lapp med teksten «Selv de ville fugler sørger». Dette vart seinare skore inn på eit treskilt som heng på tunnelveggen.

I Stockholm er det minnesmerke i Kista kyrka og i ein park i nærleiken.

Galleri

Litteratur og kjelder