Magnhild Olsdotter Sperstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnhild Olsdotter Sperstad (fødd i Skjåk 14. desember 1806, død same stad 1887) var gardkone og jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på garden Øver-Holø på Geilostronda i Skjåk, Foreldra var Ola Rasmussen Holø («Dokter-Holen») (1784-1852) og Mari Sevaldsdotter frå Nørstnes i Lom (fødd ca. 1786). Magnhild var eldst i ein syskenflokk på ni. Foreldra dreiv farsgarden til Ola ei tid. Men dei gav opp drifta og Ola livnærte seg og familien som helsearbeidar, mellom anna ved å drive ei sjukestove for ratesjuke med statsstøtte. Magnhild gifta seg 26. januar 1827 med Hans Hansen Sperstad, gardbrukar på Nørdre Sperstad i Reppen i Skjåk. Ekteparet fekk seks born, fødde i tidsrommet 1826-1847.

Magnhild Sperstad var tilsett som jordmor ein gong før 1839 i medhald av forordninga om jordmødre frå 1810. Ho var lenge den einaste jordmora i det store distriktet Lom prestegjeld/herad (Lom og Skjåk). I 1848 vart tilsette heradet ei jordmor til, Rønnaug Frisvoll frå Garmo i Lom. Magnhild Sperstad hadde tidlegare protestert mot delinga av distriktet, men måtte nå godta ein reduksjon på fem spesidalar i si årlege godtgjersle. Vi kjenner ikkje vilkåra Magnhild var tilsett på ut over dette. Men Rønnaug Frisvoll skulle ha 20 spesidalar årleg.


Kjelder og litteratur