Malsamtale:Navigasjon Oppland fylke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Inndeling av Oppland

Hei. Synes denne inndelinga av fylket ser litt tilfeldig ut. Gudbrandsdalen inkludert Lillehammer er ett område, mens Gjøvik, Toten, Hadeland og Land alle har "nok med seg sjøl". Hva er begrunnelsen for dette?--Trond Nygård (Kallrustad) 18. mai 2009 kl. 14:53 (CEST)

Grunngjevinga er at både Gudbrandsdalen, Hadeland, Land og Toten er levande, identitetsberande distriktseiningar (sjå maldiskusjonen på lokalhistoriewiki.no:Diskusjonsforum), omfattande to eller fleire kommunar. Først stod det "Toten og Gjøvik" som ei eining. Det skulle da omfatte den gamle, stabile Toten sorenskriveri, dvs. Toten-bygdene, Vardal og Biri. Så vart Toten og Gjøvik separerte fordi ein meinte at det ikkje vil vere naturleg å lage eiga forside på "Toten og Gjøvik". Toten aleine er i og for seg greit som distriktsnemning (Østre og Vestre samanlagde). Men Gjøvik aleine (storkommunen omfattande dei gamle kommunane Gjøvik, Vardal og Biri) passar etter mi meining ikkje inn i biletet på distriktsnivået, berre som kommune. Du (Kallrustad) har betre føresetnader enn underskrivne for å vurdere kor "levande" Toten og dei andre einingane faktisk er som distriktsnemningar. Har du noko alternativt forslag? Vi har vore inne på tanken om å bruke Vestoppland som den tredje store eininga innan Oppland saman med Valdres og Gudbrandsdalen. Men ville hadelendingar, landingar og totningar finne seg vel til rette med det?--Hans P. Hosar 21. mai 2009 kl. 07:05 (CEST)
Einig med Hans her. Andre mulege løysingar er ei fellesside for Vestoppland, som Hans nemner, eller for den saks skuld eigne sider for Sør- og Nord-Gudbrandsdalen om det skulle vise seg at brukarane frå området liker det betre. Eit anna spørsmål er om det er nokon grunn til ikkje å ha Forside:Gjøvik og Toten...? -- Olve Utne 21. mai 2009 kl. 14:03 (CEST)
Vanskelig dette. I dag er jo Gjøvik og Toten en såkalt funksjonell region, der en svært stor andel av innbyggerne daglig krysser ei kommunegrense for å jobbe, gå på skole eller handle. Det gamle sorenskriveriet, som faktisk het Toten helt til i januar, var som Hans sier identisk med dette området. Vårt museum, Mjøsmuseet, dekker også de tre kommunene Gjøvik, Østre og Vestre Toten. Samtidig er det helt riktig at Toten står sterkt som identitetsbærende begrep, men det gamle Toten prestegjeld ble jo delt alt i 1826, så for meg blir Toten mer mytisk enn en reell enhet. Skulle jeg hatt det avgjørende ordet, ville jeg gått inn for Gjøvik og Toten som distriktsnemning, både av historie- (sorenskriveriet, fogderiet) og nåtidshensyn. Vestoppland er ellers riktig å bruke hvis en bare skal dele inn i tre, nemlig Gudbrandsdalen, Valdres og Vestoppland. I lokalavisa Oppland Arbeiderblad, som dekker hele fylket unntatt Gudbrandsdalen, skilles det konsekvent mellom Valdres og Vestoppland. Til Vestoppland hører da også Hadeland og Land. Men kjerneområdet i Vestoppland er nok Gjøvik og Toten.

Veit uansett ikke hvor oppklarende dette svaret ble......--Trond Nygård (Kallrustad) 22. mai 2009 kl. 09:34 (CEST)

Jo, eg synest det var oppklarande. Det talar for at vi held fast ved "Gjøvik og Toten" som distriktsnemning, saman med Hadeland, Land, Valdres og Gudbrandsdalen. Eg føler meg nokså overtydd om at det vil funke for dei fleste.--Hans P. Hosar 22. mai 2009 kl. 10:05 (CEST)
Ser dette bra ut for alle involverte? -- Olve Utne 22. mai 2009 kl. 18:54 (CEST)
Dette er akkurat slik eg gjerne vil ha det. Kva med dykk andre?--Hans P. Hosar 22. mai 2009 kl. 20:09 (CEST)
Det vil seie, eg ville gjerne få opp kommunane (ikkje berre distrikta) når eg klikkar på Oppland.--Hans P. Hosar 22. mai 2009 kl. 20:46 (CEST)