Marittun (Fedje gnr 172 bnr 129)
Marittun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
| Marittun | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 172 |
| Bnr: | 129 |
| Adresse: | Banevegen 3 |
1. Arne Stormark f. 1943 (gnr 172 bnr 22-2c) g. 1969 m. Marit Andreassen f. 1943 Mulen (gnr 169 bnr 38-lb) fekk skøyte i 1971 på tomt frådelt gnr 172 bnr 22 same året. Dei bygde hus her i 1972. I 1986 flytta dei til Mulen (gnr 169 bnr 38-2), der heile familien er ført.
2. Rigmor Stormark f. 1955 (gnr 172 bnr 22-2h), reinhaldar, g. 1991 m. Olav Berge f. 1952 Stavanger, fiskeindustriarb. Skøyte her i 1986. Skøyte same året på tilleggsareal bnr 167, som vart seld i 2004.
Barn: a. Rita Stormark Berge f. 1980 (Rigmors dotter) g. 2009 m. Thorstein Hansen f. 1974, bustad Fedje, seinare Bergen. Ekteskapet oppløyst. Rita samb.m. Stein Atle Heggø f. 1970.
| Marittun (Fedje gnr 172 bnr 129) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Fjærhaug (Fedje gnr 172 bnr 127) • Neste bolk: Bergheim (Fedje gnr 172 bnr 132) |