Norheim (Fedje gnr 172 bnr 22)
Norheim | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 172 |
Bnr: | 22 |
Norheim er ein eigedom i Fedje kommune.
1. Alfred Johannessen f. 1889 Stormark (gnr 172 bnr 5-2c) d. 1978 g. 1913 m. Ingeborg Mathilde Steffensd f. 1891 Minnestraumen, Laksevåg i Bergen d. 1957 (dotter av Steffen Martin Iverin Martinussen f. 1864 Leirvik i Laksevåg g. 1887 Askøy m. Oleanna Pernille Mortensd f. 1865 Frøyen i Bremanger d. 1897 av tæring, jf Bremangerb. I s 135, Ingeborg vaks opp hjå tanta Larine på Dumba i Bremanger, Nordfjord). Skøyte 1918 for 980 kr på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 2 same året. Huset vart bygd i 1913. Alfred var fiskar. Dei hadde ei ku og dyrka litt potet.
Born: a. Jenny Oliva Stormark f. 1912 d. 1999 g. 1935 m. Sverre Sigvaldsen Stormark f. 1910 (gnr 172 bnr 30-1da) d. 1965, busette der (3). b. Nelly Bergitte Stormark f. 1914 d. 1990 g.l.g. 1936 Bergen m. Gjertin Alfredsen f. 1913 Kleppe på Askøy d. 1954, budde i Bergen, es. oppløyst, g.2.g. 1949 m. Torleif Gunnar Tjønneland f. 1917 Førde i Sunnfjord d. 1984 (jf Førdeb. II s 184), bustad Dale i Vaksdal (sjå Vaksdalb. II s 380). c. Severin Peder Martin Stormark f. 1916 d. 1998, neste brukar (2). d. Theodora Sofie Margrete Stormark f. 1918 d. 2009 g. 1941 m. Andreas Dalseid f. 1899 Dale, Vaksdal d. 1977, busette der (jf Vaksdalb. III s 444). Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 153. e. Agnes Ingvarda Stormark f. 1920 d. 1966 g. 1943 m. Håkon Bertin Rørgård f. 1920 Dale, Vaksdal d. 1980, busette der (sjå Vaksdalb. II s 246). f. Bernhard Anton Stormark f. 1924 d. 2001 g. 1950 m. Berta Fjeldheim f. 1922 Stormark (gnr 172 bnr 3-2d) d. 1991, busette på gnr 172 bnr 33-2. g. Oliver Alfredsen f. 1927 d. 2005 g. 1947 m. Klara Fjeldheim f. 1925 Stormark (gnr 172 bnr 3-2f) d. 1986 (søster til f), bygde på gnr 172 bnr 115-1. h. Anny Johanna Alfredsen f. 1931 d. 2017 g. 1950 m. Augun Eriksen f. 1929 Stormark (gnr 172 bnr 34-4d) d. 2013, busette på gnr 172 bnr 23-4. i. Olga Bertina Alfredsen f. 1933 d. 2009, sjå Stormark gnr 172 bnr 31-3.
2. Severin Stormark f. 1916 på dette bruket (lc) d. 1998 g. 1938 m. Ruth Berg f. 1915 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-6a) d. 2008. Skøyte her i 1949 for 5000 kr. Severin var fiskar, hadde m.a. båten «Sigmor» saman med sønene. Han førte post og proviant til Hellisøy fyr ein del år.
Born: a. Sverre Stormark f. 1939 g. 1963 m. Melborg Andreassen f. 1939 Stormark (gnr 172 bnr 35-2a), bygde på frådelt tomt gnr 172 bnr 141. b. Dorthea Stormark f. 1940 g. 1966 m. Johannes Kornelius Marøy f. 1925 Grindheim, Radøy d. 2008, gardbrukarar der (jf Radøyb. II s 393). c. Arne Ingvar Stormark f. 1943 g. 1969 m. Marit Andreassen f. 1943 Mulen (gnr 169 bnr 38-lb), busette der (2), sjå òg Stormark gnr 172 bnr 129-1. d. Svein Harald Stormark f. 1947 g. 1990 m. Ingun Ølberg f. 1955 Sola, bustad Langedalen gnr 169 bnr 113-2. e. Ingvard Storemark f. 1949 g. 1976 m. Betty Eriksen f. 1950 Stormark (gnr 172 bnr 23-4a, sjå der) d. 2014, bustad Ågotnes i Fjell, Øygarden kommune. f. Bjarne Stormark f. 1951 d. 1957. g. Solfrid Stormark f. 1953 d. 3 veker gl. h. Rigmor Stormark f. 1955 g. 1991 m. Olav Berge f. 1952 Stavanger, busette på Stormark gnr 172 bnr 129-2. – Borna Sverre, Dorthea, Arne, Svein og Ingvard og sonesonen Åge fekk skøyte på bnr 22 (jorda og uthus) i 2009 med ein seksdel kvar. Samstundes vart tomta med huset frådelt med nytt gnr 172 bnr 227, sjå der.
Norheim (Fedje gnr 172 bnr 22) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Nordre Fjellheim (Fedje gnr 172 bnr 21) • Neste bolk: Myrdal (Fedje gnr 172 bnr 23) |