Michael Sundt Tuchsen Fasting
Michael Sundt Tuchsen Fasting (fødd 30. november 1806 i Ortnevik i Høyanger, død 4. desember 1885 i Førde) vart student i 1827 og tok teologisk embetseksamen 13. september 1832. Deretter var han privatlærar i Bergen nokre år.
Sokneprest i Jostedalen
Han heldt si fyrste gudsteneste i Jostedalen 1. påskedag 1841 etter å ha vorte utnemnd 15. juli 1840. Sommaren 1841 vart den nye hovudbygningen i prestegarden reist, og Fasting og familien kunne flytte inn på hausten.[1]
Som forgjengaren Kjeld Andreas Bugge vart Fasting ordførar i Jostedalen. Han vart vald 26. juni 1842 og vart vald til sin andre ordførarperiode 14. januar 1845.[2] Men då det var klart at han hadde fått sokneprestembetet i Jølster, fekk han etter søknad fritak frå ordførarvervet frå 1. januar 1846.[3] Viseordførar Lars Tøgerson Kronen tok då over og vart vald til ordførar i det ordinære ordførarvalet to veker seinare.
Tidleg i februar 1846 gjekk det fleire snøskred i Jostedalen som raserte husmannsplassane Kleivi og Leteigen i Mjølverdalen. Tre huslydar miste husværet og fleire vart hardt skadde, og Fasting skreiv eit stykke i Morgenbladet om den dramatiske hendinga.[4]
Jølster og Førde
Fasting heldt avskilstala si i Jostedalen 1. pinsedag 1846 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Jølster 16. juli 1845. 12. oktober 1857 vart han utnemnd til sokneprest i Førde der var han til han fekk avskil i 1880.
Notar
- ↑ Øvregard m.fl. 2010, s. 203
- ↑ Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 13b og 26b (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
- ↑ Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), møte 28.11.1845, fol. 31B (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
- ↑ Morgenbladet nr. 76, 17.3.1846
Litteratur
- Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 335-36. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 223.
Eksterne lenkjer
Forgjengar: Kjeld Andreas Bugge |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Christian Bastholm Heltberg |
Forgjengar: Lars Rasmusson Faaberg |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Lars Tøgerson Kronen |