Minnesmerket over kristiansundsjødane
Minnesmerket over kristiansundsjødane som omkom under holocaust vart avduka søndag 29. juni 2003. Bronsestatuen på sokkel av fjøresteinar frå Klubba er laga av bildehoggar Tore Bjørn Skjølsvik. Minnesmerket er finansiert ved privat innsamling, gåver og støtte frå Kristiansund kommune.
Bakgrunn
Føre andre verdskrigen var Kristiansund på Nordmøre blant dei byane i Noreg som hadde størst andel jødiske innbyggjarar. Medlemmene av det litle men aktive jødiske samfunnet i Kristiansund, som hadde eiga kvinneforeining, synagogelokale (i Arbeidersamfunnet) og eigen ḥazzán eller rabbinar, var hovudsakleg av litauisk/latvisk- og polsk-jødisk herkomst. Med Nazi-Tysklands okkupasjon av Norge 9. april 1940 vart det slutt på det stort sett trygge livet for kristiansundsjødane — først med tysk terrorbombing av Kristiansund, og seinare med antijødiske lovar, og hausten 1942 med arrestasjonar og deportasjon av alle jødar nazistane greidde å finne. I alt 18 medlemmer av familiane Borøchstein, Fischer, Granstein og Hirsch vart deporterte av nazistane og drepne i gasskammera i Auschwitz den 3. mars 1943.
Sjå òg
Lenkjer
- Minnesmerke over 18 myrda jødar (NRK Møre og Romsdal, 30.06.2003)
- Avduker minnesmerke (Eilif Odde, Tidens Krav, 26.06.2003)
- Til minne om Julius Borøchstein (1937-1943) ... (Ove Borøchstein)
- Forprosjektrapport (Kr.sund kommune, Hovedutvalg for kultur og utdanning, 04.10.2001)
- Wergelands Barn (Rannveig Korneliussen, Dagbladet Magasinet, 22.09.2001)
- Norske jøders deportasjon 1942/43 med familien Fischer fra Kristiansund som utgangspunkt (Ragnar Areklett, mars 2000)
- Jødisk innvandring til Møre og Romsdal og Kristiansund: Oppvekst i to kulturer (Sonja Borøchstein Bjørbak; først publ. i Årbok for Nordmøre, 1999, s. 95–105.)
Koordinater: 63.112812° N 7.725745° Ø