Molybdenvegen (Tokke)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Molybdenvegen sett nordover frå Markensvegen. Oppe i lia ser vi direktørbustaden Villa Myrrinden.
Foto: Roy Olsen (2020).

MolybdenvegenDalen i Tokke kommune er ein 100 meter lang blindveg som går nordover frå Markensvegen.

Vegen har namn etter Dalen Gruber som var i drift frå 1916 til 1919. Sju bustadhus har adresse til Molybdenvegen.

I dag er det bare den gamle direktørbustaden «Villa Myrrinden» att av gruveanlegget. Villaen vart sett opp som bustad for direktøren ved Dalen Gruber, Otto Falkenberg, og er godt synleg oppe i lia over Dalen sentrum. «Myrrinden» var namnet på ein husmannsplass som låg der før gruveanlegget vart anlagt.

Kilder


Koordinater: 59.44450° N 8.01283° Ø