Myri 10 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myri 10
Byklum 138.jpg
Huset til familien Bjørgum i april 2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 2000
Utskilt: 2000
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 67
Type: Bustadeigedom
Postnummer: Myri 10

Myri 10 i Bykle vart utskilt frå Holti, bnr 12, i år 2000. Seljar var Bykle kommune og kauparar var Sigrid Bjørgum og Are Johan Forøy Bjørgum, mannen hennes. Dei bygde seg hus, og flutte inn våren 2001.

  • Sigrid Drengsdtr. Bjørgum, f 1963
g m Are Johan Forøy Bjørgum, f 1969. Born:
  • Jon Martin, f 1993
  • Dreng, f 1995
  • Gunvor, f 1999

Sigrid Bjørgum er frå Nordihus Bjørgum i Hylestad, dotter åt Dreng Torleivsson Bjørgum på det bruket og kona, Tone Jonsdotter, fødd Uppstad (jfr. Valle II, 66).

Are Johan Forøy Bjørgum er frå Offersøy i Alstahaug, Nordland. Namna åt foreldra hans er Ingrid og Algin Forøy.

Familien flutte til Bykle i 1993, og budde til 1995 i Kyrkjelii 31 B og sidan i Bjårlii 15.

Sigrid er sivilagronom av utdanning, og arbeider som konsulent i Bykle kommune. Are har drive med ymist arbeid, ma. i Bykle Industri. Han er nå (2006) vaktmeister i Bykle kommune.


0941 Bykle komm.png Myri 10 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri 1 • Neste bolk: Myri 2-8