NEG 124 Marknaden
NEG 124 Marknaden er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1977 med tittel Marknaden. Utsendar var Øystein Bottolfsen.
I 1993 sendte NEG ei spørjeliste som omhandla meir moderne handel, NEG 166 Handel - nødvendighet og forlystelse.
Introduksjon til spørjelista
Marknaden eller kjøpstemna var ein viktig lekk i eldre tids omsetning og varebyte. I Noreg var det truleg slike kjøpstemner alt i forhistorisk tid, og vi kjenner fleire norske marknader frå mellomalderen. Talet på marknader auka utetter i hundreåra, og spreidde opplysningar frå førre hundreåret viser at dei hadde stort verd for varebytet og sambandet mellom bygdefolk. I mange bygder var marknadsferda ein fast lekk i årsrytmen.
Like frå mellomalderen og opp til vår tid har marknadshandelen vore regulert ved lov og andre offentlege vedtak. Stort sett har det vore så at statens lovgjevingsapparat gjer vedtak om dei generelle retningsliner som skal gjelde for marknadshandel, medan detaljreglar vert fastsette av kommunestyret. Den som vil ha strevet med det, kan såleis finne opplysningar om marknader i dei offentlege arkiva; tidlegare vart opplysningar om dei ymse marknader (tid og stad) også prenta i fleire almanakkutgåver. Men det viser seg at ikkje alle marknader er komne med i almanakka. Eit formål med denne lista er då – så langt råd er – å få fram opplysningar om alle dei marknader eller kjøpstemner som det er kunnskap om. Det gjeld dei lov- og vedtaksregulerte, men også kan hende særleg dei som ikkje var regulerte.
I samband med dette vil vi også samle opplysningar om sjølve marknadsplassen, korleis han såt ut, kven som åtte han (offentleg eller privat eige) og kven som administrerte han. I marknadstida var han ein plass i offentleg bruk, og det var jo også andre slike plassar, t.d. båtstøa og seinare kaien. Opplysningar om marknadsplassen vil såleis gi oss større kunnskap om desse plassane til allmenn offentleg bruk.
Lista har dessutan det formål å skaffe fram opplysningar om dei varer som vart omsette på marknaden og sist, men ikkje minst om det folkeliv som var knytt til marknaden.
Lista har såleis mange formål. Emnet er stort, og det er komplisert. Marknadene var ulike – dei hadde ulikt formål, og dei samla mange menneske som hadde ulike ærend. Av den grunn er det ofte vanskeleg å stille konkrete spørsmål om detaljar; mange av spørsmåla er ”runde” og omfattande. Derfor må vi be om at den som får lista i hende, gir oss ei utførleg utgreiing om det som spørsmålet gjeld. Vi vil gjerne at han fortel laust og fast om det som gjekk føre seg under marknaden, om hendingar som han har vore med på, vore vitne til eller har høyrt om. Det beste er om dei vert tidfeste så godt råd er. Dersom alle gjer sitt beste i så måte, vert den kunnskapen som alle svara gir, størst mogeleg. Det er ein fordel om De fylgjer gangen i spørjelista, men De må gjerne bryte han dersom det er sakleg nødvendig.
Dersom De har fotografi frå marknaden og marknadslivet, vil vi svært gjerne få lov til å avfotografere dei dersom De ikkje sjølv har høve til å gjere det på vår kostnad
Brukt i publikasjonar
- Tobiassen, Anna Helene: Driftehandel med storfe i Norge, ca. 1850-1930. Dr. avh. UiO Oslo 1988,
- Tobiassen, Anna Helene: Over fjord, fjell og fonn : drifthandel med storfe i Norge ca. 1850-1930. Utg. Snøhetta. 2008. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
- Marknaden (ekstern lenke til spørjelista)