NEG 142 Amatørteater
NEG 142 Amatørteater er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1984 med tittel Amatørteater. Utsendarar var Andreas Ropeid og Anne Moestue.<(onlyinclude>
Introduksjon til spørjelista
Amatørteater er teater der dei som opptrer ikkje er profesjonelle. Slikt teater har eit stort rom i norsk og europeisk teaterhistorie på 1700-talet og eit godt stykke inn på 1800-talet. Den gongen vart det spela teater av kongens hoff, av adelen og av storborgarskapet i byane. Dei faste scenene i fleire byar har sitt opphav i amatørteatret. I vårt hundreår er det mange av dei frivillige organisasjonane som har teater på arbeidsplanen. Også i skulen har teatret fått eit stort rom.
Med denne spørjelista er vi først og fremst ute etter å få kunnskap om det amatørteatret som har vore arrangert i ulike lokalmiljø av teatergrupper, ungdomslag og andre lag og organisasjonar.
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
- Amatørteater (ekstern lenke til spørjelista)