NEG S64 Val av etternamn
NEG S64 Val av etternamn er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2014 med tittel Val av etternamn. Utsendar var Line Grønstad og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.
Introduksjon til spørjelista
VAL AV ETTERNAMN
Den som svarer på undersøkinga er innforstått med at svaret blir arkivert (anonymt) og blir brukt av forskarar i dag og i framtida. Brukarar av materialet pliktar å verne opphavspersonens og eventuelt andre personars integritet.
Mange endrar etternamn og mellomnamn ein eller fleire gonger i livet. Det vanlegaste har vore å byte ved giftarmål, men vala folk gjer er forskjellige, og folk har ulike grunnar til å halde på eller velje nye namn.
Til eit forskingsprosjekt om val av etternamn vil eg gjerne vite meir om kva folk har gjort og gjer, eller trur dei vil gjere. Svara som kjem inn blir arkivert, og nytta anonymt i forskinga mi.
Skriv gjerne lange og detaljerte svar!
Brukt i publikasjonar
- Grønstad, Line Val av etternamn - nokre smakebitar Museumsbulletinen 76, 2014, 26-29
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
- Val av etternamn (ekstern lenke til spørjelista)