Naudlandinga på Vinsternes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

I 1941 måtte eit tysk Messerschmitt-fly med tre personar ombord naudlanda på VinsternesErtvågsøya i Aure kommune.

Flyet hadde vore i kamp med eit engelsk fly, og hadde gått tom for bensin. Det måtte difor naudlanda på ei eng. Piloten var uskadd. Den andre av mannskapet var ganske hardt skada, medan den tredje hadde fått skuldra ut or ledd.

Vakthald

Mannskapet tok inn på Wigum-garden. Det vart mellom anna skote opp naudrakettar for å tilkalla hjelp. Ei lita stund etterpå kom eit fly med lækjar ombord. Dagen etter kom eit sjøfly med meir mannskap, og det vart set ut vaktpostar ved Messerschmitten.

Demontering av flyet

Etter kvart vart flyet demontert, og frakta med hest og vogn til Vinsternesvågen. Så kom ein båt og henta flydelane. Dette arbeidet sysselsette fem mann, og tok om lag ei veke.

Kjelder

  • Dyrnes, Daniel: «Tysk naudlanding på Vinsternes», i Tu Aurgjelda, 1996.