Nesheim (Fedje gnr 167 bnr 6)
Nesheim | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 167 |
Bnr: | 6 |
Adresse: | Rognsvågen 84 |
Nesheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune, med adresse Rognsvågen 84.
1. Ole Jensen Rognsvåg f. 1899 (gnr 167 bnr 2-5f) d. 1988 g. 1923 m. Margit Hansd f. 1904 Muren (gnr 168 bnr 18-15k) d. 1992. Skøyte 1928 frå Kristoffer Rognsvåg for 400 kr på tomt med hus frådelt gnr 167 bnr 3 same året. Huset vart påbygd. Ole var fiskar og medeigar i M/S «Union». Seinare arb. han på notfabrikk i Bergen, pendla lenge, før han og Margit flytta dit. Som pensjonistar budde dei hjå dottera på Svena.
Born: Elen Rognsvåg f. 1923 d. 2013 g. 1944 m. Peder Smines f. 1921 (gnr 169 bnr 19-3d) d. 2004, busette på Svena (gnr 168 bnr 131). b. Bergith Rognsvåg f. 1925 d. 2013 g. 1946 m. Arthur Husa f. 1908 (gnr 168 bnr 11-8e) d. 1996, busette der (gnr 168 bnr 111). c. Marie Kristofa Rognsvåg f. 1932, neste eigar (2).
2. Marie Rognsvåg f. 1932 på dette bruket (1c) g. 1950 m. John Stormark f. 1930 (gnr 172 bnr 27-2b), sjøkaptein. Dei leigde på Husa (gnr 168 bnr 111) til dei flytta til Laksevåg i Bergen i 1954. Ho fekk skøyte på bnr 6 av foreldra i 1980 og bruker huset som feriebustad.
Born: a. Bente Stormark f. 1951, bustad Bergen, g. 1971 m. Thoralf Arnstein Høgi f. 1948 Follese på Askøy, busett der. Ekteskapet oppløyst. b. Johannes Stormark f. 1952, bustad Bergen. Sjå òg Svena gnr 168 bnr 420. c. Mona Stormark f. 1960 g. 1980 m. Knut Halleraker f. 1956, bustad Bergen.
Nesheim (Fedje gnr 167 bnr 6) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Brekke (Fedje gnr. 167/4) • Neste bolk: Solheim (Fedje gnr. 167/7) |