Nesjane krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesjane skule
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nesjane krins (også kalla Hestenes krins) i Gloppen kommune ligg i opninga av Hyefjorden. I 1838 var Nesjane krins 1. rode i Næsje distrikt. Krinsen famna då om gardane Devik, Kvitenes, Hestenes, Eikenes, Skjerdal, Hyenes, Skeistrand og Årevik.

I 1860 var det ny krinsregulering. Då vart Nesjane ein del av ein todelt krins med gardane lenger inn i Hyefjorden. Del 1. Nesjane, famna då om gardane (...), Hestenes, Øyra, Eikenes, Skjerdal og Hyenes.

Under krinsreguleringa i 1890 foreslår skulestyret at Anda/Devik krins og Skeistrand krins blir slått saman med Nesjane krins. Kommunestyret i Gloppen kommune går i mot dette forslaget og krinsane held fram som før. I 1915 var det berre to elevar i Devik og 5 elevar i Skeistrand krins og dei vart lagt til Nesjane krins.

I 1928 var det berre 5 elevar att i Osmundnes krins, så krins vart lagt til Nesjane. Ungane frå Kleppenes og Osmundnes måtte bu vekke medan dei gjekk på skule i Nesjane.

Nesjane krins vart seinare slått saman med Rygg krins i 2000.

Skulehus

Nesjane skule (1)

  • Byggeår: 1865
  • Fungerte som skule: 1865-1922
  • Anna bruksområde: Skulehuset vart selt til læraren

Nesjane skule (2)

  • Byggeår: 1922
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Hestenes Anders A. 1842 Nesjane skule, Skeistrand krins 1864 1894 Prostprøve
Lothe Jens J. 1863 Nesjane skule, Skeistrand krins 1894 1898 Stord lærerskole 1884
Heien Anders R. 1876 Nesjane skule, Skeistrand krins, Rygg skule 1898 1902 Volda lærarskule 1898
Lothe Jakob M.A. 1881 Nesjane skule, Skeistrand krins, Lote skule 1902 Volda lærarskule 1901, Lærarhøgskulen 1922-1923 Tilsett i framhaldsskulen 1912
Arnestad Lars K. 1882 Nesjane skule, Skeistrand krins 1919 Volda lærarskule 1902

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Møtebøker for skulestyret i Gloppen kommune

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.838946° N 6.006084° Ø