Niels Friis

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Niels Friis (fødd 31. juli 1741 i Svendborg, Danmark, død 17. mai 1814 i Hafslo) var prest og stamfar til den norske greina av Friis-slekta. Friis var son av kjøpmann Niels Johannes Friis og Elisabeth Breinholm. I studietida arbeidde han òg som lærar i Danmark og Noreg, mellom anna 1759-1761 som huslærar hjå sorenskrivar og overinspektør i Nordre Jarlsberg, Morten Müller. Han tok cand.theol-eksamen i 1765 og var både før og etter det lærar i Danmark.

Frå 1773 var Friis prest på skipet "Ganges" i det asiatiske kompaniet. Dagboka hans frå eit tokt til Trankebar og India 1773-74 til året før han døydde er publisert.

Den 6.8.1777 vart han utnemnd til sokneprest i Nærstrand (Nedstrand) i Ryfylke etter å ha søkt 39 ulike embete. I 1791 vart han prost, men same året fekk han sokneprestembetet i Hafslo, Sogn og Fjordane, som han tok over 21.8.1792. Friis hadde ord på seg for å vere ein lærd mann og ein utmerka lærar. Han hadde embetet til han døydde 17. mai 1814.

Friis gifte seg 9.5.1780 med Birgitte Christine Hielm (1739-1820), enkja etter prost Peder Pavels (1724-1777), sokneprest i Hjelmeland. Birgitte var 38 år då mannen døydde og sat att med det Friis karakteriserte som "fem uopdragne Børn" - den eine sonen døydde òg seinare. Niels og Birgitte fekk så to born i lag. I dagbøkene sine skil ikkje Niels Friis mellom dei seks borna og omtalar alle som "min Søn" eller "min Datter". Fire av dei seks borna vart prestar eller prestefruer i Sogn og Fjordane, og ein i Lindås.

Birgitte hadde desse borna frå det fyrste ekteskapet med Peder Pavels (gift 12.2.1760):

  • Jacob Pavels (1763-1841), snikkar, ugift
  • Peder Pavels (1769-1855), sokneprest i Gloppen
  • Christine Margrethe Pavels (1772-1863), gift med Ole Aabel (1757-1852), sokneprest i Jostedalen og Aurland
  • Bolette Christnie Pavels (1774-1861), gift med offiseren Hartvig Kaas Munthe (1766-1830) i Luster, far til far til historikaren og kartografen Gerhard Munthe (1795–1876)

Dei to borna til Niels og Birgitte var:

Kjelder og litteratur

  • Friis, Jakob. (1941). Prost Niels Friis' dagbok og opptegnelser 1773-1814. Oslo: Cammermeyer.
  • Omtale i Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger, 1896, bd. 2, s. 67-68. (Digital utgåve)
  • Nordahl-Olsen, Joh. (1898). Stamtavle over en norsk præsteslægt Friis. Bergen. (Digital utgåve)
  • Munthe, Hartvig. (1903). Aabel, Leigh og Pavels. Slægtshistoriske optegnelser. Christiania: Dybwad. (Digital utgåve)
  • Friis, Guttorm. (1980). Friis. En slektshistorisk oversikt. Prost og sogneprest til Hafslo i Sogn, Niels Friis 1741-1814. Hans forfedre og hans etterkommere. Kongsberg.
  • Per Olav Bøyum: «Reisande prestar», fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eksterne lenkjer