Niels Johannesen Loftesnæs

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Niels Johannesen Loftesnæs var (fødd i Sogndal 1789 (døypt 1. mars d.å.), død same stad 31. mai 1848) var gardbrukar og eidsvollsmann.

Loftesnæs vart vald som representant til riksforsamlinga for underklassene (menige og underoffiserar) ved Bergenhusiske regiment der han var i teneste som musketer. Offisersrepresentanten frå regimentet var ein annan sogning, kaptein Ole Elias Holck frå Lavik lengre ute i Sognefjorden. Loftesnæs høyrde til Sogndalske kompani i Sognske bataljon. Regimentet var organisert i to feltbataljonar vinteren 1814, og Loftesnæs høyrde til 2. feltbataljon og Holck 1. feltbataljon.

Bergenhusiske infanteriregiment skulle velje sine to representantar til riksforsamlinga, oppstod komplikasjonar. Uavhengig av kvarandre valde både depotbataljonen som låg i Bergen, og dei to feltbataljonane i Østfold kvar sine representantar. Oberstløytnant Otto Synnestvedt og landvernsoldat Sjur Horvig vart valde frå depotbataljonen og reiste til Eidsvoll. Her vart det «efter høyere Ordre trukket Lod» om kven som skulle representere regimentet, og loddtrekkinga fekk det utfallet at Holck og Loftesnæs frå feltbataljonane vart eidsvollsmenn.

Garden eller grenda der Niels Johannesen var fødd og oppvaksen, Loftesnes, var også heimen til ein annan av representantane på Eidsvoll frå Sogn, sorenskrivar Lars Johannes Irgens. Som Holck og Irgens tilhøyrde Niels Johannesen Loftesnæs Sjølvstendepartiet på Eidsvoll.

Niels Johannesen var fødd på Kristengarden av Loftenes. Foreldra var gardbrukarparet der, Johannes Nilsson frå Kvam i Sogndal(1755-1809)og Maria Espensdotter frå Stenajeim (Stenehjem) i same bygda (1761-1830). Niels var den eldste av sju sysken. Ved folketeljinga 1801 budde han med foreldra og tre sysken på Loftenes.

Same året som han måtte til Eidsvoll, gifta Niels Johannesen seg med Berta Olsdotter frå Ugla (også i Sogndal) (fødd ca 1792). Dei to fekk sju born, fødde i tidsrommet 1815-1831, og har etterslekt både i Noreg og USA. Niels og Berta var fyrst gardbrukarar på Kristengarden i sju år 1813-1820. Så overtok dei eit bruk av Stenajeim, der mor til Niels kom frå, og hadde den til 1841.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker