Nordli Lien (Bykle gnr 3/164)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordli Lien
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 164
Type: Bustadseigedom
Adresse: Nordlivegen 2

Nordli Lien ligg like nordanfor tunet på Nordli, bnr 18. Ho vart utskilt derifrå i 1978, då Kay Jeiskelid selde henne til I/S Øvre Otra. Kraftselskapet sette opp huset her, og overdrog eigedomen til Sjur S. Vatnedalen frå Nordstog Dalen, gnr 6, bnr 1, avdi han og familien hans laut flytje frå garden sin pga. kraftutbyggjinga.

Me har omtala Sjur i bolken om heimebruket hans, men kona hans, som vart verande her etter at Sjur var borte, høver det likevel best å presentere på denne staden.

Lilly og Sjur Vatnedalen i Nordli, jula 1979.
Foto: Gerd Fosse Hovden

Lilly Esther (Vatnedalen) Stanescu, f 1943

g 1. 1965 m Sjur Sjursson Vatnedalen, f 1919, d 1993. Born:
  • Sjur Johan, f 1966, gbr, sb m Nina Jeiskelid, born; sjå Nordstog Dalen
  • Alf Helge, f 1968, ug, sjåfør, busett her
  • Helga Åshild, f 1974, ekspeditør, g m Helge Lindland, busett Helleland, born:
  • Silje, f 1995
  • Sjur Inge, f 1997
  • Stian, f 2000
g 2. 2000 m Nicolae Stanescu, f 1959

Lilly vart fødd i Little Norway i Toronto, Kanada, avdi foreldra hennes, som heitte Helga og Johan Karinius Sandstrøm, på den tid arbeidde på den norske flystasjonen der, faren som kokk og mora som omsorgsarbeidar. Sidan flutte dei til Morgedal, Kviteseid.

Lilly har arbeidd som hotellkokk. Elles er ho engasjert i Mållaget, særleg i den årlege redigeringa og utgjevinga av ein kalender med historiske fotografi frå Bykle, og i skriftstyret i Jol i Setesdal.

I 2000 gifte ho seg omatt. Den nye mannen hennes er frå Bucuresti, Romania.


0941 Bykle komm.png Nordli Lien (Bykle gnr 3/164) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Granly • Neste bolk: Nordli Lien (II)

Koordinater: 59.49432° N 7.41758° Ø