Norges Bygdekvinnelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norges Bygdekvinnelag blei oppretta som ein sjølvstendig kvinneorganisasjon 15. november 1946 under namnet Norges Bondekvinnelag. Bygdekvinnelaget er ein pådrivar for levande bygder. Dei er opptatt av sosiale tiltak i bygdene, og er forkjemparar for kvinners økonomiske og sosiale rettigheiter.

Historikk

Organisasjonen blei skild ut frå Norges Bondelag med formål om å få fleire kvinner i med i arbeidet for bygdefolket. Laget overtok som sentral overbygging over dei lokale laga og fylkeslaga, dei fyrste stifta allereie i 1917. Organisasjonen byggjer på frivillig og personleg medlemskap og medlemskontingent.

Laget skifta namn til Norges Bygdekvinnelag etter eit årsmøtevedtak i 2002. Sidan 2004 har laget heldt årsmøte annakvart år. Landsmøtet er det høgste besluttande organet, og sentralstyret har ansvar for organisasjonens drift. Administrasjonen ligg i Oslo og har fem tilsette.

Liste over lokallag (ikkje fullstendig)

I 2017 hadde laget 13 500 medlemer i meir enn 450 lokallag og 18 fylkeslag.

Lokallag Fylke År for stifting
Bamble Bygdekvinnelag Telemark 1937
Bø Bygdekvinnelag Telemark
Fyresdal Bygdekvinnelag Telemark 1937
Gjerpen Bygdekvinnelag Telemark
Heddal Bygdekvinnelag Telemark
Holla Bygdekvinnelag Telemark
Morgedal Bygdekvinnelag Telemark
Nissedal Bygdekvinnelag Telemark
Sauherad Bygdekvinnelag Telemark
Siljan Bygdekvinnelag Telemark
Solum Bygdekvinnelag Telemark
Telemark Bygdekvinnelag Telemark
Tinn Bygdekvinnelag Telemark
Tuddal Bygdekvinnelag Telemark
Vinje Bygdekvinnelag Telemark

Kjelder og vidare lesning