Fyresdal Bygdekvinnelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fyresdal Bygdekvinnelag sel romegraut på bygdedagen i Fyresdal 2013.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2013)

Fyresdal Bygdekvinnelag er ei lokalavdeling av Norges Bygdekvinnelag. Laget blei skipa i 1937 og held til i Fyresdal kommune i Telemark.

Byrjinga

Olga Bjoner i hardangerbunaden ho fekk i 1935, sydd av bondekvinnene i Hordaland.
Foto: Bygdekvinner 3-2017

Olga Bjoner vart bondekone då ho gifta seg med bonden Jørgen Bjoner i 1912:

På 1920– og 1930-tallet reiste den skriveføre, taleføre, musikalske og karismatiske bondekona frå Østfold land og strand med følgende viktige budskap til bygdekvinnene: Organiser dere i bondekvinnelag, delta i valg, vær aktive i samfunnslivet. Bare sammen er dere sterke. Hun ble mottatt som en stjerne hvor hun enn kom. I løpet av tiåret fra midten av 1920-tallet klarte hun å få bondekvinnene til å organisere seg, ta ordet, fremme ønsker og krav. Hun snakket om likeverd og likestilling. Hun fikk bondekvinnene til å innse sin styrke, til å heve sin status, hun ga dem selvtillit og en ny stolthet. Og hun fikk dem til å stemme ved valg. Selve opplevelsen Olga Bjoner ble en frigjøring – et vendepunkt - en vekkelse av ansvar og en spore til nytt håp og ny innsats.

Slik innleiar forfattaren Bjørn Steinar Meyer den nye boka om Olga Bjoner som er ein viktig del av Norges Bondekvinnelags historie. Olga Bjoner bygde ei av landets viktigaste kvinnerørsler – bondekvinnelaget. "Kvinna er mannen jambyrdig", formante ho sine stolte medlemer. Då krigen kom tok ho valet som gjorde at ein seinare har tidd om henne.

Norges Bygdekvinnelag (NBK) blei oppretta som sjølvstendig, ideell og frivillig kvinneorganisasjon 15. november 1946. Organisasjonen blei skilt ut frå Norges Bondelag med formål om å få kvinnene meir med i arbeidet for bygdefolket. Formålsparagrafen fortel at "Lagets formål er å samle alle kvinner som føler tilknyting til primærnæringane og bygdemiljøet. Norges Bygdekvinnelag er en partipolitisk nøytral organisasjon som skal arbeide til beste for bygdefolkets økonomiske, sosiale og kulturelle interesser og bygge på nasjonal og kristen grunn." (§ 1 i vedtekter for Norges bygdekvinnelag).

Lokalt lag

Etter fleire innspel i tida frå 1934 og utover vart laget etter oppfordring frå Bondelaget stifta våren 1937. Møtet var på skulehuset i Hegglandsgrend og desse møtte: Anne Taraldlien, Signe Veum-Brokke, Birgit Qvisling, Else Bjørnestad, Tone Haugen, Anne Veum, Sigrid Veum-Lofthus, Signe Moghus og Ingebjørg Grythe. Styret var: Signe Moghus, Tone Haugen, Anne Veum (varaformann), Ingebjørg Grythe (formann), Sigrid Veum (kasserar). Varierande aktivitet og oppgåver, og så kom krigen 1940-1945. I 1941 var Signe Veum-Nesland formann og Sigrid Veum var med i styret. Det var ei vanskeleg tid med ulike meiningar om framtidig aktivitet, og i 1942 vedtok eit fleirtal å la laget ligge litt i ro i tida framover. Dette vart slik ei lengre tid. På eit møte i mai 1953 hjå Sigrid Bjørnestad vart det drøfta om ein skulle lage til att eit bondekvinnelag i Fyresdal, og så den 3.juni 1953 vart laget starta opp att i eit møte på Foldsæ landbruksskule.

Namneendring

På årsmøtet 8. november 1999 hjå Grethe Momrak-HauganØvre Haugane i Hauggrend vart det vedteke namneendring frå Fyresdal Bondekvinnelag til Fyresdal Bygdekvinnelag. Ein milepåle, ei viktig oppdatering og i samsvar med NBK som vedtok same namneendringa på sitt årsmøte i 2002. I Fyresdal vart dette drøfta alt i 1969.

Aktivitet

Fyresdal Bygdekvinnelag har engasjert seg i eit vidt spekter av oppgåver og utfordringar:

  • Veum kyrkje – tekstiler: Ved ljosmessa 14. desember 1997 vart det innvigd ny alterduk i Veum kyrkje. Kunstnar i kyrkjetekstil Anne Landsverk frå Lisleherad har utforma og teikna duken. Symbolikken er henta frå alteret: Krossen som eit ljos- og livssymbol, ei Olavs-rose. Inga Rindebakken brodera duken som var ei gåve til kyrkjelyden og kyrkja frå bondekvinnelaget. Lysslokkar til kyrkja og senkeapparat til kyrkjegarden.

Bygdekvinnelaget har og støtta ei lang rekke aktivitetar og organisasjonar av sers ulik art gjennom mange år, dette har vore viktig for fellesskap og engasjement i bygda. Hausttakkefesten i kyrkja var laget med på å arrangere i ei lang rekke år, dette er i seinare tid teke over av eit aktivt 4H.

Årlege utstillingar med historiske tema

Frå krydderutstilling i 2004.
  • 1984 Bunader
  • 1985 Bunadsskjorter
  • 1986 Barneleiker før plast og masseproduksjon
  • 1987 Pyntehandkle – vaskestell – nattpotter
  • 1988 Dåps – og sendingsutstyr
  • 1989 Gamalt middags – og kaffiservise
  • 1990 Skjenkekanner og skjenkeutstyr
  • 1991 Handarbeidde puter
  • 1992 Vottar og gamle skriftord i broderi
  • 1993 Gjenstandar i kopar, messing og tinn
  • 1994 Gamle instrument
  • 1995 Kjøkkenreiskap
  • 1996 Forklær for store og små
  • 1997 Resultat av sundagsstakk – og pikebunadskurs
  • 1998 Strikkearbeid av forskjellig art
  • 1999 Gamalt undertøy/nattøy
  • 2000 Symaskiner og tilbehør
  • 2001 Kommunikasjon – radioar – fasttelefonar – mobiltelefonar – telegram
  • 2002 Kakeboksar og matskrin
  • 2003 Gamle fat med skrift på
  • 2004 Krydderkrukker, dukar og kokebøker
  • 2005 100årsfeiring for unionsdoppløysinga 1905 - 2005
  • 2006 Hårstell gjennom generasjonar
  • 2007 Badedrakter og utstyr gjennom tidene
  • 2008 «Fire friske fruer frå Fyresdal» - keramikk
  • 2009 Strikka plagg av ulik alder
  • 2010 Gamle juledukar og julepynt av alle slag
  • 2011 Kursresultat av barnebunadsying og vevde forkleband
  • 2012 Strikkeplagg og mønster som vi hugsar
  • 2013 Gryteklutar og handkle
  • 2014 Skjønnskrift, bidrag til grunnlovsjubileet, og broderte barneteikningar, samarbeid med Gimle skule
  • 2015 Puter i nordisk tradisjon
  • 2016 Liten vandring i tid – Kvinneliv og familieliv
  • 2017 Skulen i gamle dagar
  • 2018 Dokker, dokkeklær og dokkeutstyr
  • 2019 Hatt og stokk og briller
  • 2020 Adventskalendrar
  • 2021 Rosemåling og vev i skillbragd
  • 2022 Kokebøker og kakeboksar
  • 2023 Påske og påskepynt

Utstillingane har vore i Det gamle Bakeriet eller på [[Øystad]], båe i Folkestadbyen og då eigd av Fyresdal Bygdemuseum, eller i samlingsbygget til Fyresdal Bygdemuseum i Øyskogen. I 2019 og 2020 var det hjå Venches Terapi i bygningen Årtun i Folkestadgata. Som regel opna på bygdedagen i juni og halde fram utover sumaren. På bygdedagen sel og bygdekvinnelaget kvart år romegraut ved stabbura på museet i Øyskogen. Dette har stor ringverknad i form av kontakt og marknadsføring av laget.

Innsamling og registrering av tradisjonsstoff

Telemark Bygdekvinnelag har teke initiativ til fleire innsamlingar og registreringar av tradisjonsstoff med på fylgjande utgjevnad av bok der Fyresdal Bygdekvinnelag har vore ein sers viktig lokal aktør. Til dømes ei om bunader i Vest-Telemark, ei om høgtider i året og i livet, ei om mat frå Telemark og ei serleg retta mot bruk av poteter. Fyresdal Bygdekvinnelag har som ein del av Norges Bygdekvinnelag jakta på tradisjonsrike oppskrifter i Tradisjonsmatjakten. Oppskriftsinnsamlinga er ein del av prosjektet "Norsk tradisjonsmat" som vart gjennomførd i 2017. Prosjektets mål er å skape interesse for norsk tradisjonsmat og få fleire til å ta norske mattradisjonar i bruk. Dette skal skje gjennom den nye nettsida, norsktradisjonsmat.no, der oppskrifter og historier om tradisjonsmat frå heile landet er samla. Fyresdal har med oppskrifta Spikjefisk

Brurebunad til utleige

Fyresdal bygdekvinnelag ynskjer å hjelpe brudepar som vil gifte seg i bunad ved å syne korleis ein korrekt brurebunad frå Vest-Telemark skal vere, og har difor og ein slik til utleige. Den har raud stakk, kvitt liv og kvitt forklede. Bunaden var ferdig til Bygdedagen 4. juni 1994. Broderi: Karen Garmo, Fyresdal. Montering: Bjørg Fetveit, Vinje. Skjortelinningar: Birgit Jahannessen, Fyresdal. Skjortesaum: Astrid Snarteland, Fyresdal. Sylv: Geir Birger Aslestad, Fyresdal. Malerull:Astrid Snarteland og Gro Greivstad, Fyresdal. Fyresdal bygdekvinnelag låner ut bunaden gratis mot eit depositum på kr. 5000,-. Nytt bunadsforkle vart laga av Vinjebui i 2010 då det gamle var skada. Etterspurnaden har variert. Ein tenkte og å ha ein mannsbunad til utleige, men fann dette ikkje aktuelt nok til å skaffe ein.

Sauesleppsmesse

Sauesleppmesse på Øvre Haugane i 2013. Organist, prest og bonde er på plass og sauene er i bakgrunnen! Kakebordet til bygdekvinnelaget kjem ved veggen til høgre.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2013)

I sauebygda Fyresdal var det eit ynskje om å ha ei gudsteneste på ein gard med sauer om våren medan sauene var heime og markera seg, og før dei drog på heia. Ei messe kvart år og skifte på dei ulike grendene. Bygdekvinnelaget stod for serveringa. Sosialt betydde eit slikt variert opplegg mykje, men etter kvart vart det eit problem å skaffe vertsgardar og ein gjekk over til å ha messe i Moland kyrkje og bevertning i prestegardshagen, framleis i regi av Bygdekvinnelaget. Den førebels siste messa på gard var på Øvre Haugane 2. juni 2013.

Oss kvinner imellom

Med støtte frå Gjensidigestiftelsen satsa Norges Bygdekvinnelag i 2017 og 2018 på å styrke inkluderingsarbeidet i organisasjonen gjennom prosjektet «Kvinner Ut», i Fyresdal nytta nemninga «Oss kvinner imellom». Brei informasjonsformidling, nettverksbygging og samarbeid er lagets effektive reiskapar i det viktige inkluderingsarbeidet. Viktigast å ha det gøy saman!

I byrjinga held laget ei tettare kontakt med minoritetskvinnene, enten ved direkte kontakt eller gjennom vaksenopplæringa og norskundervisninga, og det vert arrangert aktivitetar ein gong i månaden. Etter kvart vert desse aktivitetane lagt i den årlege planen til bygdekvinnelaget og dei vert etter kvart involvera i arbeidet i miljø der borna deira er aktive og vert då kjent med andre foreldre. Ei rekke temakveldar vert arrangert i miljø der innvandrarkvinnene kjenner seg trygge, men tanken er ei fullstendig inkludering i miljøet i bygda der bygdefolket og vert kjent med innvandrarane.

Jubileumsfeiringar

  • 40 år. Annveig Veum hadde skrive ein sers god prolog.
  • 60 år. Dette vart feira 10. april 1997 på Sørnorsk Økosenter Foldsæ. Rømmegraut og spekemat, kveding, song og fløytespel og piano. Historien vår ved Astrid Ormtveit. Jubileumsvideo??
  • 70 år. Denne vart feira på samfunnshuset i Fyresdal. Tema var ein smak av Fyresdal og brubygging mellom unge og eldre – naboar, bygder og nasjonar. Det vart laga ein jubileumsplakat av Ellen Margrethe Garn som synte gamle bruer i bygda.
  • 75 år. Festkveld på Kvipt gjestegard. Teater Ibsen: Den unge Sigrid Undset. Opplesing frå den fyrste møteboka.
  • 80 år. Det vart skipa til ein fest for medlemer på Fossum Kurs- og Feriesenter sundag 12. november 2017. Der var underhaldning, middag, og kaffi/te/kaker. Kristi Kinsarvik framførde sin kabaret "Livets dans", om Inger Hagerup.

Kulturpris frå Fyresdal kommune

Medlemer i Fyresdal bygdekvinnelag ved tildelinga av Fyresdal kommune sin kulturpris 17. mai 2014.
Foto: Helge Kiland (2014) / Gunlaug Bergstøl Kiland.

Fyresdal Bygdekvinnelag fekk Fyresdal kommune sin kulturpris i 2014. Rosande omtale av laget sin innsats, diplom teikna av Judith Boumann og kr. 8 000,-. Ei god oppmuntring på vegen vidare.

Takketala leiaren for bygdekvinnelaget, Gunlaug Bergstøl Kiland, heldt ved utdelinga av kulturprisen 17. mai 2014:

Det er skikkeleg moro at det er bygdekvinnelaget som får prisen i år. Det er ein pris me er saman om, alle me 38 som er i laget. Utan engasjementet til alle desse kvinnene kunne me aldri ha vore så aktive. Ein takk til andre lag og organisasjonar også, for godt samarbeid.

Fyresdal bondekvinnelag blei starta i 1937, men skifta for nokre år sidan namn til bygdekvinnelag. Laget ynskjer såleis at alle bygdekvinner skal kjenne seg velkomne i laget. Det gjeld også dei som er komne hit frå utlandet. Saman vil me lage gode møteplassar. Me har dei siste åra stelt til uformelle møte ein gong i månaden som me kallar Oss kvinner imellom. Her kan me dele interesser og erfaringar på tvers av grenser. På den måten vil me bidra til betre integrering og trivsel.

Bygdekvinnelaget har hatt som tradisjon å stå for matservering på ulike arrangement. Det gjeld bygdedagen, sauesleppsmesse og ymse andre kulturarrangement. På den måten prøvar me å bidra til at det blir ei triveleg ramme rundt arrangementet. Mat og servering var også gåva vår til kyrkjejubileet i fjor.

Mat skal ikkje bare vera god. Han skal vera sunn også. Derfor tok me initiativ til matkurs med Margit Vea. Eit av kursa hadde som tema «Sunn mat for små magar». På aktivitetsdagen for Gimle skule er det blitt tradisjon at bygdekvinnelaget steller til lunsj for både elevar og lærarar. Me ynskjer på den måten å slå eit slag for gode matvanar basert på stuttreist mat og gode råvarer.

Bygdekvinnelaget er oppteke av tradisjonar og bygdekultur. Kvart år lagar me til utstilling med ulike tema. I år er det 30 års jubileum for denne utstillinga. I fjor var det gryteklutar og handkle som var tema, eit anna år var det nattpotter og vaskevassfat. Og i år er det skjønnskrifta me vil ha fram. Det kan vera på høg tid nå som tastaturet er i ferd me å ta heilt over. Det er samstundes vårt bidrag til grunnlovsjubileet. Me stiller også ut broderte barneteikningar, i samarbeid med Gimle skule. Utstillinga opnar på Øystad på bygdedagen 7. juni og held ope kvar laurdag i sommar.

Kurs er ein fin måte å kome saman på og bli kjent med gamle handverkstradisjonar. Der dekorerer me skinnfellar, laserer, syr bunader og broderer bunadsskjorter og bakar lefse, for å nemne nokre av aktivitetane. Må også nemne at me har ein komplett brurebunad til utleige. Og så lagar me til turar, både for å oppleve, lære og for å treffe andre bygdekvinner. På den måten har me også fått kontakt med bygdekvinner i Estland, som me har besøkt og som også kjem på besøk hit til Telemark. Vi skal møte dei i morgon.

Som dykk høyrer har bygdekvinnelaget noko for dei fleste. Laget skal arbeide for å føre vidare det beste i bygdekulturen, men vil også vere ope for nye impulsar og idear. Her er plass til deg og, sjå på heimesida vår, så bare kom og bli med!

Heimeside

Bygdekvinnelaget fekk alt i 2013 si eiga heimeside, er og aktiv på facebook og i kommuneinformasjonen, tanken er å få til best mogleg informasjon og nå flest mogleg innbyggjarar. Fyresdal Bygdekvinnelag si heimeside

Brønnøyregisteret

Bygdekvinnelaget vart og tidleg med her.

Møteverksemd

På dei ulike møta er det gjerne eit tema for kvelden. Desse er av ulik art og kan til dømes vere graut, matpakke, barnevernssaker, sokkeband, strikking, bunader i Vest-Telemark gjennom 200 år og liknande. Eller det er større og meir krevjande tema som kurs i veving av forkleband, barnebunadskurs og laseringskurs.

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Fyresdal Kyrkjelydsblad 1997.
  • Brundtland, Grethe: Hun vi ikke snakker om. Bygdekvinner. Utgåve 3 – 2017 s. 23
  • Meyer, Bjørn Steinar: Førerkvinnen. Commentum forlag 2017
  • Inkluderingsprosjektet «Kvinner ut». Fyresdal. Bygdekvinner utgåve 3-2017 s.16
  • Telemark Bondekvinnelag: Mat frå Telemark. Oppskrifter og tradisjonar samla inn av lokallaga sine medlemer. Red.: Bo Lilledal Andersen. Utgjeve august 1994
  • Telemark Bygdekvinnelag: Jordeple og søteple. Potet og eple. Oppskrifter og tradisjonsstoff. Samla inn av lokallaga sine medlemer. Utgjeve oktober 2011.
  • Telemark Bygdekvinnelag: Høgtider i året og livet. Rikt og variera stoff om tradisjonar i Telemark samla ved hjelp av stort engasjement av lokallag. Red. Guro Nordby. Utgjeve august 2007.
  • Noss, Aagot: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark. Eit imponerande innsamlings- og registreringsarbeid der lokalkjende bygdekvinnelagsmedlemer spela ei heilt sentral rolle. Instituttet for sammenlignende kulturforsking. Novus forlag Oslo 2003
  • Dragsund, Kirsti: Kvinnegiv for bygdeliv. 50 år med Norges Bondekvinnelag. Landbruksforlaget A/S 1995
  • Norges Bygdekvinnelag på nett

Biletgalleri